Hebrews 11NO2011NN

1Trua er eit pant på det vi vonar, eit prov på det vi ikkje ser.

2For trua si fekk dei gamle godt vitnemål.

3I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

4I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død.

5I tru vart Henok bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han vitnemål om at han var til glede for Gud.

6Utan tru er det umogleg å vera til glede for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

7I tru fekk Noah varsel om det han endå ikkje såg. I gudsfrykt bygde han ei ark og berga huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferda som trua gjev.

8I tru var Abraham lydig då han vart kalla, og drog ut til eit land som han skulle få i arv. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han kom.

9I tru levde han som framand i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden.

10For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

11I tru fekk òg Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.

12Frå éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.

13I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda.

14Dei som talar slik, viser at dei lengtar etter eit fedreland.

15Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda attende.

16Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei.

17I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Sin einaste son var han villig til å ofra, endå han hadde fått lovnadene

18og dette hadde vorte sagt til han: « Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. »

19Han rekna med at Gud hadde makt også til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att — i dette ligg det eit førebilete.

20I tru var det Isak velsigna Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.

21I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.

22I tru tala Josef då han låg på det siste, om Israelsfolket og deira utgang frå Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med knoklane hans.

23I tru gøymde foreldra til Moses den nyfødde guten i tre månader. For dei såg at det var eit vakkert barn, og lét seg ikkje skremma av kongens bod.

24I tru nekta Moses, då han vart stor, å kallast dotterson til farao.

25Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid.

26Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna.

27I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.

28I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så øydeleggjaren ikkje skulle røra dei førstefødde hos israelittane.

29I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over tørt land, men då egyptarane freista det same, drukna dei.

30Ved tru fall Jerikos murar då folket hadde gått rundt dei i sju dagar.

31I tru vart Rahab, ho som var prostituert, berga så ho ikkje mista livet saman med dei ulydige, for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet.

32Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.

33Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, lukka gapet på løver,

34sløkte veldig eld, slapp unna bitande sverd, gjekk frå vanmakt til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.

35Kvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode.

36Andre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel.

37Nokre vart steina, saga i to eller drepne med sverd. Andre måtte gå omkring i saueskinn og geiteskinn, i naud, forfølgde og mishandla.

38Verda var dei ikkje verdig, og dei måtte flakka omkring i øydemarker og fjell og halda til i grotter og hòler.

39Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova.

40Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.