Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 27

:
Norwegian - NO2011NN
1 Isak hadde vorte gammal og auga hans var for matte til å kunna sjå, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Son min!» Han svara: «Ja, her er eg.»
2 sa han: «Sjå, eg har vorte gammal og veit ikkje når eg kjem til å døy.
3 Ta no jaktutstyret ditt, pilkoggeret og bogen. ut i marka og skyt noko vilt til meg!
4 Lag nokre velsmakande retter, noko eg likar godt! Kom hit med dei og lat meg eta, eg kan velsigna deg før eg døyr.»
5 Rebekka lytta medan Isak tala til Esau, son sin. gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt som han kunne ta med seg heim.
6 sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau, bror din og sa:
7 Hent noko vilt til meg og lag nokre velsmakande retter eg kan eta! vil eg velsigna deg for HERRENS andlet før eg døyr.
8 Høyr no meg, son min, og gjer som eg seier!
9 bort til småfeet og hent to fine kje, skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt.
10 Dei skal du bera inn til far din han kan eta og velsigna deg før han døyr.»
11 sa Jakob til mor si, Rebekka: «Men Esau, bror min er lòden, medan eg er glatt.
12 Kanskje far min kjenner meg og finn ut at eg held han for narr, og fører eg forbanning over meg i staden for velsigning.»
13 «Den forbanninga skal eg ta meg, son min», sa mora. «Høyr berre meg og og hent kjea!»
14 Han gjekk og henta kjea og kom til mor si med dei. Ho laga nokre velsmakande retter, slike som faren lika godt.
15 Rebekka fann fram dei beste kleda til Esau, eldste sonen dei låg i huset hennar og kledde opp Jakob, yngste sonen, i dei.
16 Skinna av kjea la ho om hendene og den glatte nakken hans.
17 gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til.
18 Han gjekk inn til far sin og sa: «Far!» «Ja, son min», sa han, «kven er du?»
19 sa Jakob til faren: «Eg er Esau, din førstefødde son. Eg har gjort det du sa til meg. Set deg no opp og et av viltet mitt, du kan velsigna meg!»
20 Isak sa til sonen: «Korleis kunne du finna noko snøgt, son min?» Han svara: «HERREN din Gud lét det springa rett imot meg.»
21 sa Isak til Jakob: «Kom hit, son min, eg kan kjenna deg om du er Esau, son min, eller ikkje!»
22 Jakob gjekk bort til far sin han fekk kjenna han, og Isak sa: «Det er røysta hans Jakob, men hendene hans Esau.»
23 Isak kjende han ikkje att, for hendene hans var lodne som hendene til Esau, bror hans. Og han velsigna han.
24 spurde han: «Er du verkeleg Esau, son min?» Jakob svara: «Ja, det er eg.»
25 sa Isak: «Set maten fram for meg. Eg vil eta av viltet til son min eg kan velsigna deg!» Jakob sette maten fram for han, og han åt. Han kom òg med vin til han, og han drakk.
26 sa Isak: «Kom hit og kyss meg, son min!»
27 Han gjekk fram og kyste han. kjende faren lukta av kleda hans. Han velsigna han og sa: «Kjenn, lukta av son min er lik lukta av ei eng som HERREN har velsigna!
28 Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen, fruktbar jord og overmål av korn og ny vin!
29 Folk skal tena deg, folkeslag bøya seg for deg. Ver herre over brørne dine, sønene til mor di skal bøya seg for deg. Forbanna er dei som forbannar deg, velsigna er dei som velsignar deg!»
30 Med det same Isak hadde velsigna Jakob han hadde berre vidt gått ut frå far sin kom Esau, bror hans, heim att frå jakta.
31 Han òg laga nokre velsmakande retter og bar dei inn til far sin. «Far», sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet som son din kjem med, du kan velsigna meg!»
32 Isak, far hans, spurde: «Kven er du?» Han svara: «Eg er Esau, den førstefødde son din.»
33 byrja Isak å skjelva, han skalv veldig og sa: «Kven var det som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og velsigna eg han, no er han velsigna.»
34 Esau høyrde kva far hans sa, sette han i eit høgt skrik. sa han: «Velsigna meg òg, far!»
35 Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga di.»
36 sa Esau: «Er det difor han heiter Jakob? No har han lurt meg to gonger. Han tok førstefødselsretten min, og no har han teke velsigninga mi òg.» sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»
37 Isak svara Esau: «No har eg sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til tenarar for han. Eg har sytt for korn og ny vin til han. Kva kan eg gjera for deg, son min?»
38 «Far, har du berre éi velsigning?» sa Esau. «Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.
39 sa Isak til han: «Sjå, langt borte frå fruktbar jord skal du bu, der inga dogg fell frå himmelen.
40 Av sverd skal du leva, og bror din skal du tena. Men når du riv deg laus, skal du kasta åket hans av nakken.»
41 Esau la Jakob for hat grunn av velsigninga som far hans hadde gjeve han. Og Esau sa i hjartet sitt: «Snart kjem dagane vi skal sørgja over far min. skal eg drepa Jakob, bror min.»
42 Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr! Esau, bror din, vil hemna seg deg og drepa deg.
43 Høyr no meg, son min! Røm straks til Laban, bror min, i Harran!
44 Ver hos han nokre dagar til harmen har gått av bror din,
45 til vreiden hans har vendt seg frå deg og han har gløymt det du gjorde mot han! skal eg senda bod og henta deg derifrå. Kvifor skulle eg mista dykk begge ein og same dagen?»
46 Rebekka sa til Isak: «Desse hetittkvinnene tek livet av meg. Dersom Jakob tek seg ei slik hetittkvinne til kone, ei kvinne frå dette landet, kva skal eg leva for?»