Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 23

:
Norwegian - NO2011NN
1 Sara vart 127 år gammal; lenge levde ho.
2 Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan, og Abraham kom for å sørgja og gråta over henne.
3 reiste han seg, gjekk bort frå den døde og sa til hetittane:
4 «Eg er innflyttar og framand blant dykk. Lat meg kjøpa eit stykke jord hos dykk til gravstad, eg kan bera ut henne som er død, og gravleggja henne.»
5 Hetittane svara Abraham:
6 «Høyr oss, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. Legg den døde i den beste av gravstadene våre. Ingen av oss skal nekta deg gravstaden sin når du skal gravleggja den døde.»
7 reiste Abraham seg og bøygde seg for hetittane, folket i landet.
8 Han sa til dei: «Er det dykkar vilje at eg ber ut henne som er død, og gravlegg henne, høyr meg! Legg inn eit godt ord for meg hos Efron, son til Sohar,
9 han lèt meg Makpela-hòla, som høyrer han til og ligg i utkanten av marka hans. Han skal full pris om han lèt meg kjøpa jordstykket til gravstad hos dykk.»
10 No sat Efron der mellom hetittane, og han svara Abraham dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:
11 «Nei, herre, høyr meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga folket mitt lèt eg deg det. Gravlegg du den døde!»
12 bøygde Abraham seg for folket i landet
13 og sa til Efron folket høyrde det: «Berre du ville høyra meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! kan eg gravleggja den døde der.»
14 Efron svara Abraham:
15 «Herre, høyr meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!»
16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.
17 Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea jordet, langt det rakk,
18 skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga alle hetittane som var komne til byporten.
19 Etter dette gravla Abraham Sara, kona si, i hòla Makpela-marka aust for Mamre, det er Hebron, i Kanaan.
20 Såleis vart det stadfest at marka og hòla der skulle høyra Abraham til som gravstad, kjøpt frå hetittane.