Genesis 13NO2011NN

1Så drog Abram opp frå Egypt til Negev med kona si og alt det han eigde. Og Lot var med han.

2Abram var svært rik på buskap og på sølv og gull.

3Han drog frå stad til stad, frå Negev og heilt til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai,

4til staden der han hadde reist eit altar første gongen. Der kalla Abram på HERRENS namn.

5Også Lot, som drog saman med Abram, hadde småfe og storfe og telt.

6Men landet kunne ikkje fø dei når dei budde saman. For dei eigde så mykje at dei ikkje kunne bu saman.

7Så vart det strid mellom dei som gjette buskapen til Abram, og dei som gjette buskapen til Lot. Den gongen budde kanaanearane og perisittane i landet.

8Då sa Abram til Lot: «Det kan då ikkje vera strid mellom meg og deg og mellom mine gjetarar og dine! Vi er då slektningar.

9Ligg ikkje heile landet ope framfor deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, dreg eg til høgre, og tek du til høgre, dreg eg til venstre.»

10Lot lyfte auga og såg at heile Jordan-sletta var rik på vatn. Heilt til Soar var ho som HERRENS hage, som landet Egypt. Dette var før HERREN hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.

11Så valde Lot seg heile Jordan-sletta og tok ut mot aust. Slik skildest dei frå kvarandre.

12Abram busette seg i landet Kanaan, medan Lot busette seg i byane på sletta og flytte med telta sine heilt til Sodoma.

13Menneska i Sodoma var vonde og synda grovt mot HERREN.

14HERREN sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft auga og sjå deg omkring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest!

15For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid.

16Eg lèt ætta di bli som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt òg kunna teljast.

17Stå opp og dra gjennom landet på langs og på tvers! For det er deg eg vil gje det til.»

18Sidan flytte Abram omkring med telta sine. Han kom til Mamres eikelund ved Hebron. Der slo han seg ned og bygde eit altar for HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Genesis 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.