Genesis 10NO2011NN

1Dette er slektshistoria til Noahs søner, Sem, Ham og Jafet. Dei fekk søner etter storflaumen.

2Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras.

3Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.

4Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.

5Frå dei har folkeslaga på fjerne kystar breidd seg ut i sine land, kvart med sitt språk, slekt for slekt, folkeslag etter folkeslag.

6Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.

7Kusj hadde sønene Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.

8Kusj vart far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda.

9Han vart ein veldig jeger for HERRENS andlet. Difor heiter det: «Som Nimrod, ein veldig jeger for HERRENS andlet.»

10Først omfatta kongedømet hans Babel, Erek, Akkad og Kalne i landet Sinear.

11Frå dette landet drog han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah

12og Resen mellom Ninive og Kalah, det er den store byen.

13Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,

14patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.

15Kanaan vart far til Sidon, den førstefødde, og til Het,

16og dessutan til jebusittane, amorittane og girgasjittane,

17hevittane, arkittane, sinittane,

18arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan spreidde kanaanearslektene seg vidare utover.

19Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.

20Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.

21Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene.

22Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram.

23Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj.

24Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber.

25Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan.

26Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah,

27Hadoram, Usal, Dikla,

28Obal, Abimael, Saba,

29Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.

30Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.

31Dette var Sems etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land, folkeslag for folkeslag.

32Og dette var slektene etter sønene til Noah, slektshistorie for slektshistorie, folkeslag etter folkeslag. Frå dei har folkeslaga breidd seg ut over jorda etter storflaumen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Genesis 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.