1Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og slaven, endå han er herre over alt saman.
2Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett.
3Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda.
4Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova.
5Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.
6Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»
7Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
8Den tid de ikkje kjende Gud, var de slavar under gudar som ikkje er verkelege gudar.
9Men no når de kjenner Gud — nei, meir enn det, når de er kjende av Gud — korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei?
10De held nøye rekning med dagar og månader, høgtider og år!
11Eg er redd at eg har streva med dykk til inga nytte.
12Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg.
13For de veit at det var på grunn av ein sjukdom eg fekk forkynna evangeliet for dykk første gongen.
14Men de lét dykk ikkje freista av dette til å forakta eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv.
15Men kvar har gleda dykkar no vorte av? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut auga og gjeve meg, om det lét seg gjera.
16Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga?
17Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode, for dei vil skilja dykk frå oss og gjera dykk til sine tilhengjarar.
18Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode.
19Mine born, som eg på nytt føder med smerte til den tid Kristus tek skapnad i dykk
20— eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.
21Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova?
22Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna.
23Son til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad.
24Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri.
25Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine.
26Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive:
27Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde. Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier. For den einslege kvinna har fleire born enn ho som har mann.
28Og de, sysken, er born ut frå lovnaden liksom Isak.
29Men han som var fødd etter naturens orden, forfølgde den gongen han som var fødd ved Anden, og slik er det i dag òg.
30Men kva seier Skrifta? Driv bort slavekvinna og son hennar! For son til slavekvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna.
31Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.