Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Galatians 2

:
Norwegian - NO2011NN
1 Fjorten år etter drog eg nytt opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg.
2 Eg reiste dit grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte.
3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.
4 Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar.
5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk.
6 Og dei som gjekk for å vera noko kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell folk dei la ikkje nye krav meg.
7 Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne.
8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka.
9 Og Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn fellesskap. Vi skulle til heidningfolka, dei skulle til dei omskorne.
10 Men vi måtte hugsa dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn å gjera.
11 Men Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han.
12 Før det kom nokre frå Jakob, heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men dei kom, trekte han seg bort og heldt seg unna, for han var redd dei omskorne.
13 same måten hykla dei andre jødekristne, til og med Barnabas vart dregen med i hykleriet deira.
14 Men eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du tvinga heidningane til å leva som jødar?»
15 Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt.
16 Men vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua Jesus Kristus, sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, vi kunne seiast rettferdige ved trua Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig.
17 Men om det skulle visa seg at vi òg er syndarar, vi som har som mål å bli rettferdige i Kristus, blir ikkje Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå!
18 Dersom eg byggjer opp att det eg sjølv har rive ned, blir eg ståande som ein lovbrytar.
19 Ved lova døydde eg bort frå lova, eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus;
20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
21 Eg forkastar ikkje Guds nåde. For dersom vi kan vinna rettferd ved lova, døydde Kristus til inga nytte.