Ezekiel 38NO2011NN

1HERRENS ord kom til meg:

2Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han.

3Du skal seia: Så seier Herren GUD: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal.

4Eg fører deg omkring, eg set krokar i kjakane dine. Så fører eg deg ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, staseleg kledde alle i hop, ein veldig flokk med langskjold og rundskjold, alle væpna med sverd.

5Med dei er Persia, Kusj og Put. Alle saman har skjold og hjelm.

6Gomer med alle sine fylkingar, Togarmas hus lengst i nord med alle sine fylkingar, mange folk er med deg.

7Rust deg og gjer deg klar, du og heile flokken som er samla hos deg. Du skal vakta dei.

8Når lang tid har gått, skal du kallast ut. Når åra er omme, skal du koma til eit land som er berga frå sverdet, til eit folk som er samla frå mange folkeslag på fjella i Israel, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.

9Du skal trekkja opp som eit stormvêr, du skal koma som ei sky og dekkja landet, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.

10Så seier Herren GUD: Den dagen kjem noko opp i hjartet ditt, og du tenkjer vonde tankar.

11Du skal seia: «Mot eit land utan vern dreg eg opp, eg går mot fredelege folk som bur trygt. Alle bur dei utan murar. Bommar og portar finst ikkje.»

12Du vil rana og røva, ta bytte og rov og venda handa mot ruinar som på nytt er busette, mot eit folk samla frå andre folkeslag, som er i ferd med å samla seg buskap og gods, der dei bur på verdsens navle.

13Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle ungløvene der skal seia til deg: «Er det for å rana du kjem? Er det for å røva du har samla hæren din, for å føra bort sølv og gull, ta buskap og gods og rana til deg eit veldig bytte?»

14Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren GUD: Sanneleg, den dagen, når mitt folk Israel bur trygt, då skal du få vita det.

15Då skal du koma frå staden din lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær.

16Du skal dra opp mot Israel, folket mitt, som ei sky for å dekkja landet. I dei siste dagar skal det skje: Eg fører deg mot landet mitt. Folkeslaga skal læra meg å kjenna når eg gjennom deg, Gog, viser meg heilag framfor auga på dei.

17Så seier Herren GUD: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? I år etter år profeterte dei på den tida at eg skulle føra deg mot dei.

18Den dagen, dagen då Gog går mot Israels-landet, seier Herren GUD, då skal harmen stiga opp i meg.

19I min sjalusi og brennande harme seier eg: Sanneleg, den dagen skal det koma eit kraftig jordskjelv over Israels-landet.

20Då skal dei skjelva for meg, fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på jorda, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, berghyllene skal falla ned og alle murane falla i grus.

21Då kallar eg sverd over han på alle mine fjell, seier Herren GUD. Den eine skal venda sverdet mot den andre.

22Eg straffar han med pest og blod. Høljande regn og haglsteinar, eld og svovel lèt eg regna over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han.

23Slik viser eg meg stor og heilag og gjev meg til kjenne for auga på mange folkeslag. Dei skal kjenna at eg er HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 38.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.