Ezekiel 34NO2011NN

1HERRENS ord kom til meg:

2Menneske, tal profetord mot Israels gjetarar! Tal profetord og sei til dei: Så seier Herren GUD: Ve Israels gjetarar, som berre gjeter seg sjølve! Er det ikkje sauene dei skal gjeta?

3De et feittet og kler dykk med ulla og slaktar dei beste dyra, men sauene gjeter de ikkje.

4Ikkje har de styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke, ikkje bunde om dei skadde, ikkje ført tilbake dei bortdrivne, ikkje leita opp dei bortkomne, men med makt har de herska over dei, og med tvang.

5Sauene vart spreidde, dei hadde ingen gjetar. Dei vart til føde for alle slag villdyr, dei vart spreidde.

6Sauene mine villa seg bort på alle fjell og høge haugar. Dei vart spreidde ut over heile jorda, ingen spør etter dei og ingen leitar.

7Difor, gjetarar, høyr HERRENS ord!

8Så sant eg lever, seier Herren GUD: Sanneleg, sauene mine har vorte til rov og til føde for alle slag villdyr, for dei har ingen gjetar. Gjetarane mine spurde ikkje etter sauene. Dei gjette seg sjølve, ikkje sauene mine.

9Difor, gjetarar, høyr HERRENS ord!

10Så seier Herren GUD: Sjå, eg kjem mot gjetarane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg avset dei som sauegjetarar. Og dei skal ikkje lenger få gjeta seg sjølve. Eg vil berga sauene mine ut or gapet deira. Dei skal ikkje ha dei til føde.

11Så seier Herren GUD: Sjå, eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei.

12Liksom ein gjetar tek seg av sauene sine og er med dei den dagen dei blir spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til då dei vart spreidde, på den mørke og skytunge dagen.

13Eg vil føra dei ut frå folka, samla dei frå landa og føra dei inn i deira eige land. Så skal eg gjeta dei på fjella i Israel, i dalane og kvar dei enn bur i landet.

14På gode beitemarker skal eg gjeta dei, dei skal ha engene sine på dei høge fjella i Israel. Der skal dei kvila i frodige enger. Dei skal gå på saftige beite på fjella i Israel.

15Eg vil gjeta sauene mine og la dei kvila, seier Herren GUD.

16Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.

17De, min flokk! Så seier Herren GUD: Sjå, eg dømmer mellom ein sau og ein annan, mellom vêrar og bukkar:

18Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned resten av beitemarkene? Er det ikkje nok at de får drikka det klare vatnet, om de ikkje òg skal grumsa til resten med føtene?

19Skal flokken min eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til?

20Difor seier Herren GUD: Sjå, eg dømmer mellom dei feite og dei magre sauene.

21De trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna til de får spreidd dei og drive dei ut.

22Difor vil eg berga flokken min, dei skal ikkje meir bli til rov. Slik skal eg dømma mellom ein sau og ein annan.

23Eg vil setja éin gjetar over dei, og han skal gjeta dei, min tenar David, han skal gjeta dei, han skal vera gjetaren deira.

24Eg, HERREN, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, HERREN, har tala.

25Eg gjer ei fredspakt med dei. Eg ryddar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i ørkenen og sova i skogane.

26Eg velsignar dei og landet omkring mi høgd. Eg lèt regnet falla i rett tid, regn til velsigning skal det vera.

27Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er HERREN når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane.

28Dei skal ikkje lenger vera eit bytte for folkeslaga, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skremma dei.

29Eg lèt planter veksa opp som det går gjetord om, ingen i landet skal meir rivast bort av svolt. Aldri meir må dei tola spott frå folkeslaga.

30Dei skal kjenna at eg, HERREN deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren GUD.

31De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren GUD.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 34.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.