1Det var i det tolvte året, på den første dagen i den tolvte månaden. HERRENS ord kom til meg:
2Menneske, stem i ei likklage over farao, kongen i Egypt, og sei til han: Du løve mellom folkeslaga, taus har du vorte. Du var som uhyret i sjøen, frøsande fór du i elvane dine. Du grumsa til vatnet med føtene og rota opp mudder i elvane.
3Så seier Herren GUD: Eg kastar garnet mitt over deg medan mange folk er samla, dei skal dra deg opp med nota.
4Eg slengjer deg opp på land og kastar deg på marka. Eg lèt alle fuglar under himmelen slå seg ned på deg og lèt alle dyr på jorda metta seg på deg.
5Eg legg kjøtet ditt på fjella og fyller dalane med blodet ditt.
6Eg vatnar jorda med blodet ditt som renn på fjella, og fyller bekkefara.
7Eg dekkjer himmelen til når eg sløkkjer deg, stjernene kler eg i svart. Sola dekkjer eg bak skyer, månen kastar ikkje lenger lys.
8Kvart skinande lys på himmelen lèt eg svartna for di skuld, eg sender mørker over landet ditt, seier Herren GUD.
9Eg skakar opp hjartet hos mange folkeslag når eg fører deg øydelagd ut mellom folka, til land du ikkje kjenner.
10Eg skremmer mange folk med deg, kongane deira gyser når eg svingar sverdet framfor dei. Kvar augneblink skjelv dei for livet sitt den dagen du fell.
11For så seier Herren GUD: Sverdet til kongen av Babel skal koma over deg.
12For sverdet til kjemper lèt eg flokken din falla, alle er brutale folkeslag. Dei smadrar det egyptarane er stolte av, heile den støyande flokken blir utrydda.
13Eg gjer ende på alt feet ved dei store vatna. Dei skal ikkje lenger grumsast til av menneskefot eller dyreklauver.
14Så gjer eg vatnet klårt og reint, elvane lèt eg renna som olje, seier Herren GUD.
15Når eg gjer Egypt til ei øydemark, når landet ligg audt og forlate, når eg slår ned alle som bur der, då skal dei kjenna at eg er HERREN.
16Dette er ei likklage, og klagast skal det. Døtrer av folkeslag skal klaga. Over Egypt og heile flokken der skal dei klaga, seier Herren GUD.
17Det var i det tolvte året, på den femtande dagen i månaden. HERRENS ord kom til meg:
18Menneske, klag over flokken i Egypt, du og døtrene av folkeslaga, og før ned dei mektige til landet der nede, til dei som har gått i grav!
19Er du finare enn andre? Stig ned og legg deg hos uomskorne!
20Dei skal falla mellom menn som blir drepne med sverd. Sverdet vart gjeve, dei drog det mot landet og heile flokken der.
21Nede frå dødsriket skal sterke kjemper seia om farao og hjelparane hans: «No har dei fare ned og lagt seg hos uomskorne, drepne med sverd.»
22Der ligg Assur med heile hæren rundt si grav. Alle vart drepne, dei fall for sverd.
23Dei fekk gravene sine inst i hòla. Hæren ligg der rundt hans grav. Alle vart drepne, dei fall for sverd, dei som spreidde redsle i landet til dei levande.
24Der ligg Elam med heile flokken rundt si grav. Alle vart drepne, dei fall for sverd. Uomskorne fór dei til landet der nede. Dei spreidde redsle i landet til dei levande, no må dei bera si vanære hos dei som gjekk i grav.
25Mellom drepne fekk han sitt leie med heile flokken rundt si grav. Alle er uomskorne, drepne med sverd. For dei spreidde redsle i landet til dei levande, no må dei bera si vanære hos dei som gjekk i grav, mellom drepne vart dei lagde.
26Der er Mesjek og Tubal med heile flokken rundt si grav. Alle er uomskorne, drepne med sverd. Dei spreidde redsle i landet til dei levande.
27Dei ligg ikkje hos kjempene som fall uomskorne og fór ned til dødsriket med sine våpen, dei som fekk sverda lagde under hovudet, men skulda låg tungt over knoklane. For det stod redsle av kjempene i landet til dei levande.
28Du skal òg bli knust mellom uomskorne og liggja hos dei som er drepne med sverd.
29Der er Edom med sine kongar og alle sine hovdingar. Trass i all si kraft vart dei lagde hos dei som vart drepne med sverd, dei ligg hos uomskorne, hos dei som gjekk i grav.
30Der er alle fyrstane frå nord og alle dei frå Sidon. Det stod redsle av dei, men dei måtte fara ned til dei drepne. Med all si kraft vart dei til skamme. Uomskorne ligg dei hos dei som vart drepne med sverd. Dei må bera si vanære hos dei som gjekk i grav.
31Farao skal sjå dei og søkja trøyst for heile flokken sin. Farao og heile hæren er drepne med sverd, seier Herren GUD.
32Eg lét han spreia redsle i landet til dei levande, men han skal leggjast til kvile mellom uomskorne, hos dei som er drepne med sverd, både farao og heile den ståkande flokken hans, seier Herren GUD.