Ezekiel 27NO2011NN

1HERRENS ord kom til meg:

2Du menneske, stem i ei likklage over Tyros!

3Du skal seia til Tyros, som ligg ved portane til havet og handlar med folk på mange kystar: Så seier Herren GUD: Tyros, du har sagt: «Eg er fullkomen i min venleik.»

4Midt ute på havet går grensene dine. Dei som bygde deg, gjorde deg fullkomen i venleik.

5Dei bygde med plankar av sypress frå Senir, ein seder frå Libanon tok dei for å laga deg ei mast.

6Av eik frå Basan laga dei årar, treverk innlagt med elfenbein laga dei av sypress frå kittearøyane.

7Seglet var av fint og fargerikt lin frå Egypt. Det skulle vera merket ditt. Solduken var blått og raudt purpur frå Elisja-kystane.

8Folk frå Sidon og Arvad var rorskarane dine. Dine klokaste, Tyros, var mannskap.

9Gebals eldste og klokaste menn var skipstømrarane dine. Alle skip og sjøfolk på havet kom til deg for å byta varer.

10Menn frå Persia, Lud og Put var krigsmenn i hæren din. Dei hengde opp skjold og hjelmar hos deg, dei kasta glans over deg.

11Menn frå Arvad og din eigen hær stod omkring på murane, gammadearar var i tårna dine. Dei hengde opp skjolda sine omkring på murane og gjorde deg fullkomen i venleik.

12Tarsis dreiv handel med deg, for rikdomen din var stor. Dei gav deg sølv og jern, tinn og bly tilbake.

13Javan, Tubal og Mesjek handla med deg. Dei gav slavar og bronsekar i byte.

14Frå Bet-Togarma gav dei deg arbeidshestar, ridehestar og muldyr tilbake.

15Folk frå Dedan handla med deg, mange øyar dreiv handel. Dei betalte tilbake med elfenbein og ibenholt.

16Aram dreiv handel med deg fordi du hadde alle slag handverk. Edelsteinar, raudt purpur og fargerikt tøy, fint lin, korallar og rubinar gav dei deg tilbake.

17Juda og Israels land handla med deg. Kveite frå Minnit, hirse og honning, olje og balsam gav dei i byte.

18Damaskus dreiv handel med deg. Du hadde alle slag handverk, for rikdomen din var stor. Vin frå Helbon, ull frå Sahar

19og Dan og vin frå Usal gav dei deg tilbake. Også smijern, kassia og kalmus fekk du i byte.

20Dedan handla med deg, fine hestedekken.

21Arabia og alle fyrstane i Kedar dreiv handel, dei handla med lam, bukkar og geiter.

22Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg, den finaste balsam, dyre steinar og gull gav dei deg tilbake.

23Harran, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad handla med deg,

24dei handla med deg på marknaden din, staselege klede og kapper av purpur, fargerike tøy, teppe med mønster og snorer som var tvinna stramt.

25Tarsis-skip var dine handelskaravanar. Du var fylt av varer og tungt lasta midt ute på havet.

26Rorskarane førte deg til mange farvatn. Austavinden knuste deg midt ute på havet.

27Din rikdom, dine varer og alt du fekk i byte, mannskap og styrmenn, skipstømrarar og bytehandlarar, alle krigsmenn og heile din hær som er hos deg, søkk midt ute på havet den dagen du går under.

28Når skriket frå styrmennene lyder, skjelv strendene.

29Då forlèt alle sine skip, rorskarane, mannskapet og sjømennene går i land.

30Dei lèt klaga over deg lyda, dei skrik bittert. Dei kastar støv på hovudet, dei velter seg i oske.

31Dei rakar seg snaue på skallen for di skuld. Dei kler seg i sekkestrie og græt bittert over deg, ei bitter klage.

32Dei stemmer i ei likklage, dei syng ut si klage over deg: Kven var som Tyros der ute på havet?

33Med varene du førte inn frå alle hav, metta du mange folk. Med den store rikdomen din og alt du bytte til deg, gjorde du kongar på jorda rike.

34No er du knust av havet, i djupet ligg du. Alt du bytte til deg og heile hæren din har gått under.

35Alle som bur ved kysten, er forstøkte over deg, håret reiser seg på hovudet til kongane, andletet er fordreia.

36Kjøpmenn mellom folka plystrar hånleg til deg. Eit skremsel har du vorte, du er borte for alltid.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.