Ezekiel 21NO2011NN

1HERRENS ord kom til meg:

2Menneske, vend deg i retning Teman, spå mot sør og tal profetord mot skoglandet i Negev!

3Sei til Negev-skogen: Høyr HERRENS ord! Så seier Herren GUD: Eg set fyr på deg, og elden skal svi av kvart tre i deg, både friske og tørre. Den logande elden skal ikkje slokna, men svi kvart andlet frå sør til nord.

4Alle menneske skal sjå at eg, HERREN, har kveikt elden, og han skal ikkje slokna.

5Då sa eg: Å, min Herre og GUD! Dei seier om meg: «No talar han i likningar att!»

6HERRENS ord kom til meg:

7Menneske, vend deg mot Jerusalem, spå mot heilagdomen og tal profetord mot Israels land!

8Sei til Israels land: Så seier HERREN: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og ryddar ut både rettferdige og urettferdige hos deg.

9Fordi eg vil rydda ut både rettferdige og urettferdige hos deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot alle menneske, frå sør til nord.

10Alle menneske skal kjenna at eg, HERREN, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma tilbake dit.

11Men du, menneske, skal stønna som om hoftene blir knuste. Med bitter smerte skal du stønna rett framfor auga på dei.

12Og når dei seier til deg: Kvifor stønnar du, skal du svara: På grunn av ei melding som kjem. Då skal kvart hjarte smelta bort, alle hender bli slappe, kvar ånd bli motlaus og alle kne bli som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! seier Herren GUD.

13HERRENS ord kom til meg:

14Menneske, tal profetord og sei: Så seier HERREN: Sverd, sverd, kvesst og slipt,

15kvesst for å slakta, slipt for å blinka som lyn. — Eller skal vi gleda oss? Herskarstaven til son min foraktar du, kvart tre. —

16Sverdet vart gjeve til sliping og lagt i handa. Det vart kvesst og slipt og gjeve til den som skal drepa.

17Skrik og hyl, du menneske! For sverdet råkar mitt folk og alle Israels fyrstar. Dei er overlatne til sverdet saman med mitt folk. Difor skal du slå deg på låret.

18For dette er prøva. Kva om du òg har forakta herskarstaven? Det skal ikkje henda, seier Herren GUD.

19Du menneske, tal profetord og slå i hop hendene! To og tre gonger skal sverdet råka. Det er eit sverd som drep mange, eit veldig drapssverd som trengjer djupt inn,

20så hjartet skal skjelva og mange skal snubla. Eg set eit slaktesverd ved alle portane deira. Ve! Det er laga for å lyna, slipt for å slakta.

21Bit kvast til høgre og hogg til venstre, kvar du så blir vend.

22Då skal eg òg slå hendene saman og bruka opp min harme. Eg, HERREN, har tala.

23HERRENS ord kom til meg:

24Du menneske, merk av to vegar som sverdet til Babel-kongen kan følgja. Begge vegane skal gå ut frå same landet. Og der vegane tek av til byar, skal du setja opp merke

25ved vegkryssa, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til festningsby.

26Attmed vegskiljet der dei to vegane byrjar, har Babel-kongen stilt seg opp for å ta varsel. Han kastar lodd med piler, søkjer råd hos terafar og granskar levra frå offerdyr.

27I høgre handa har han varselet for Jerusalem. Der skal han reisa rambukkar, opna munnen i kampskrik og lyfta røysta til krigsrop. Han skal stilla opp rambukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.

28I folks auge er dette eit tomt varsel, endå dei har eid på det. Dette minner dei om skulda som fører til fangenskap.

29Difor, så seier Herren GUD: De minner dykk sjølve om dykkar skuld når brota dykkar blir openberre så synda viser seg i alt de gjer. Fordi de er minte om det, skal de takast til fange.

30Og du, din gudlause brotsmann, Israels fyrste! Dagen er komen, tida for di endelege straff.

31Så seier Herren GUD: Bort med turbanen, av med krona! Ikkje noko skal vera som det var! Gjer det låge høgt og det høge lågt!

32Ruin, ruin, ruin gjer eg det til. Heller ikkje dette skjer før han kjem, han som eg har overlate dommen til.

33Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren GUD om ammonittane og deira spott: Sverd! Sverd! Trekt for å slakta, slipt for å sluka og lyna.

34Medan du får tomme syn og varsel som er løgn, skal det rettast mot halsen på gudlause brotsmenn. Dagen er komen, tida for den endelege straffa.

35Stikk sverdet i slira! På staden der du vart skapt, i landet du stammar frå, der vil eg dømma deg.

36Eg auser ut min harme over deg og blæs min vreideeld mot deg. Eg gjev deg over til ilskne menneske, meistrar i øydelegging.

37Du skal bli til føde for elden, blodet ditt skal renna midt i landet, og ingen skal minnast deg meir. For eg, HERREN, har tala.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.