Ezekiel 19NO2011NN

1Du skal stemma i ei likklage over fyrstane i Israel

2og seia: Kva var mor di? Ei løvinne mellom løver. Ho låg mellom ungløver, ho fostra ungane sine.

3Ho alte opp ein av ungane, ei ungløve vart han. Han lærte å riva sund bytte, han åt opp menneske.

4Folkeslag fekk høyra om han, han vart fanga i deira fallgrav. Med nasekrokar førte dei han til Egypt.

5Ho såg at ho venta forgjeves, håpet var ute. Då tok ho ein annan unge, ho gjorde han til ungløve.

6Han gjekk der mellom løver, og ei ungløve vart han. Han lærte å riva sund bytte, han åt opp menneske.

7Han øydela borgene og la byane i ruinar. Landet og alt som fanst der, stivna av skrekk ved lyden av brøla hans.

8Folk frå landa omkring sette då ut sine garn. Dei spreidde dei ut over han, og han vart fanga i fallgrava deira.

9Med nasekrokar fekk dei han i bur og førte han til kongen i Babel. Der sette dei han i ei festning, så brøla ikkje skulle høyrast meir over fjella i Israel.

10Mor di var som ein vinstokk i hagen din, planta attmed vatn. Han var rik på frukt og fekk mange greiner, for han fekk godt med vatn.

11Greinene vart så sterke at dei kunne brukast til herskarstavar. Høgt voks han, opp mellom skyene, lett synleg fordi han var så høg og hadde så mange greiner.

12Men han vart riven opp i harme og kasta til jorda. Austavinden tørka ut frukta. Dei sterke greinene vart rivne av og visna, elden åt dei.

13No er han planta i ørkenen, i det tørre, tørstande landet.

14Eld gjekk ut frå ei grein og åt kvistene og frukta. Det finst ikkje lenger ei sterk grein som kan vera herskarstav. Dette er ei likklage, og likklage har det vorte.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.