1HERRENS ord kom til meg:
2Menneske, sei fram ei gåte for Israels hus, fortel dei ei likning.
3Du skal seia: Så seier Herren GUD: Den store ørna med store venger og lange vengefjører, med tett og fargerik fjørham, kom til Libanon. Ho tok toppen av sederen,
4braut av den øvste greina, førte henne til kremmarlandet og sette henne i handelsbyen.
5Så tok ho ei plante som voks i landet, og sette henne i god jord på ein stad med mykje vatn, planta henne som eit piletre.
6Ho voks og vart til ein vinstokk, frodig, men låg av vekst, så rankene bøygde seg mot ørna og røtene voks inn under henne. Ho vart til ein vinstokk som fekk greiner og strekte ut sine kvister.
7Men det var ei anna stor ørn med store venger, med mektig fjørham. Og sjå, vinstokken tøygde sine røter bort imot henne, bøygde greinene mot henne, så ho skulle gje han meir vatn enn jordstykket han var planta i.
8I god jord, ved mykje vatn, var vinstokken planta, så han kunne få greiner og bera frukt og bli ein framifrå vinstokk.
9Sei: Så seier Herren GUD: Kjem han til å trivast? Kjem ikkje røtene til å bli rivne opp, vinstokken til å bli ribba for frukt og kvart friskt skot til å tørka? Når han tørkar, trengst det ingen sterk arm eller mykje folk til å riva han opp med rot.
10Sjå, no er vinstokken planta. Men vil han trivast? Vil han ikkje berre tørka når austavinden når han, tørka ut i den jorda der han voks?
11HERRENS ord kom til meg:
12Sei til den trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Sei no: Babel-kongen kom til Jerusalem, tok kongen og stormennene hennar og førte dei med seg til Babel.
13Han tok ein mann av kongeleg ætt og gjorde ei pakt med han, med dei forbanningar som høyrer til. Han tok stormennene i landet med seg.
14Slik skulle riket haldast nede for at det ikkje skulle reisa seg meir, men halda pakta med han og bli ståande.
15Men mannen gjorde opprør og sende talsmenn til Egypt for å skaffa hestar og mykje folk. Vil dette lukkast? Kan den sleppa unna som gjer slikt? Han som bryt pakta, kan han sleppa frå det?
16Så sant eg lever, seier Herren GUD: I Babel, hos den kongen som gjorde han til konge, skal han døy. Han vanvørde forbanninga og braut pakta.
17Farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk for å støtta han i krigen når fienden kastar opp ein voll og byggjer skansar for å rydda ut mange menneske.
18Han vanvørde forbanninga og braut pakta. Endå han hadde gjeve handslag, gjorde han alt dette. Han skal ikkje sleppa unna.
19Difor seier Herren GUD: Så sant eg lever, fordi han vanvørde forbanninga og braut pakta, skal eg la dei råka hans eige hovud.
20Eg spenner ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babel, der held eg dom over hans truløyse, for han var trulaus mot meg.
21Alle som rømmer frå troppane hans, skal falla for sverd, og dei som blir att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de kjenna at eg, HERREN, har tala.
22Så seier Herren GUD: Eg tek sjølv ein kvist av toppen på ein høg seder, frå dei øvste greinene riv eg eit fint skot og plantar det på eit fjell som ragar høgt.
23På Israels høge fjell plantar eg det. Det skal få greiner og bera frukt og bli ein staut seder. Alle slags fuglar skal bu i det, alt som har venger, skal halda til i skuggen av greinene på det.
24Då skal alle tre på marka kjenna at eg, HERREN, gjer det høge treet lågt, og det låge gjer eg høgt. Det friske treet lèt eg tørka, og det tørre lèt eg spira. Eg, HERREN, eg har tala og vil setja det i verk.