Ezekiel 15NO2011NN

1HERRENS ord kom til meg:

2Menneske! Kva gjer vinstokken ulik alle andre tre, vinranka mellom trea i skogen?

3Kan treet frå den brukast til å laga noko av? Kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på?

4Om han blir kasta på elden, brend i begge endar og svidd på midten, duger han då til noko?

5Nei, sjølv då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til noko. Kor mykje mindre duger han ikkje då når elden har brent og svidd han!

6Difor, så seier Herren GUD: Som eg gjer med vinstokken mellom trea i skogen når eg gjev han til føde for elden, slik gjer eg med dei som bur i Jerusalem.

7Eg vender andletet mitt mot dei. Dei har gått ut av elden, men elden skal fortæra dei. De skal kjenna at eg er HERREN når eg vender andletet mot dei.

8Eg gjer landet til ei øydemark fordi dei har vore trulause, seier Herren GUD.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.