Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Exodus 36

:
Norwegian - NO2011NN
1 Besalel og Oholiab skal arbeida saman med alle kloke menn som HERREN har gjeve visdom og innsikt, dei veit korleis dei skal gjera alt arbeid som høyrer til tenesta i heilagdomen akkurat slik som HERREN har sagt.
2 kalla Moses Besalel og Oholiab og alle dei kloke mennene som HERREN hadde gjeve visdom i hjartet, alle som kjende seg drivne til å ta fatt arbeidet og fullføra det.
3 Av Moses fekk dei alle offergåvene som israelittane hadde kome med til arbeidet og tenesta i heilagdomen. Men morgon etter morgon heldt folket fram med å koma med frivillige gåver.
4 kom alle som hadde visdom til å gjera alt arbeidet heilagdomen, kvar frå sitt arbeid,
5 og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn det som er naudsynt for å utføra det arbeidet som HERREN har pålagt oss.»
6 baud Moses at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, korkje mann eller kvinne, skal leggja meir arbeid i offergåva til heilagdomen.» Slik vart folket hindra i å koma med meir.
7 Det dei hadde gjeve, var nok til å arbeidet gjort, ja, meir enn nok.
8 Alle som hadde visdom i hjartet til dette arbeidet, laga no bustaden av ti teltdukar. Dei var av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane var det vove inn kjerubar i kunstvevnad.
9 Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane hadde same mål.
10 Fem av dukane skøytte dei saman, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.
11 Langs kanten av den duken som var ytst det eine ihopskøytte stykket, laga dei purpurblå hemper, og like eins langs kanten av den ytste duken det andre stykket.
12 Femti hemper laga dei den eine duken og femti hemper i kanten av duken det andre stykket. Hempene sat rett imot kvarandre.
13 Og dei laga femti krokar av gull. Med dei hekta dei dukane saman bustaden vart ein heilskap.
14 Dei laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar laga dei.
15 Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane hadde same mål.
16 Fem av dukane skøytte dei saman for seg, og seks for seg.
17 I kanten av den ytste duken det eine samansydde stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.
18 Og dei laga femti krokar av bronse teltet kunne festast saman til ein heilskap.
19 Deretter laga dei eit dekke av raudfarga vêrskinn til å ha over teltet, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.
20 Plankane til bustaden laga dei av akasietre. Dei stod loddrett.
21 Kvar planke var ti alner lang og ei og ei halv alen brei.
22 kvar planke var det to tappar som var tilpassa kvarandre. Slik laga dei alle plankane til bustaden.
23 Av plankane dei laga til bustaden, sette dei opp tjue sørsida, mot sør.
24 Til dei tjue plankane laga dei førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i.
25 den andre sida av bustaden, nordsida, laga dei òg tjue plankar
26 med førti soklar av sølv, to under kvar planke.
27 Til baksida av bustaden, mot vest, laga dei seks plankar,
28 og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne baksida av bustaden.
29 Dei var doble nedst og øvst og gjekk saman i éin ring. Slik var det med dei begge; dei utgjorde dei to hjørna.
30 Såleis vart det åtte plankar og seksten soklar av sølv, to soklar under kvar planke.
31 Dei laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane den eine sida av bustaden,
32 fem tverrstenger til plankane den andre sida og fem tverrstenger til plankane baksida av bustaden, mot vest.
33 Midtstonga sette dei slik at ho gjekk tvers over, frå den eine enden til den andre, midt plankane.
34 Plankane kledde dei med gull, og ringane dei som var haldarar for tverrstengene, laga dei av gull. Tverrstengene kledde dei òg med gull.
35 Dei laga eit forheng av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Det var laga i kunstvevnad, med kjerubar.
36 Dei laga fire søyler av akasietre til å hengja det og kledde dei med gull. Hakane dei var òg av gull. Og dei støypte fire soklar av sølv til dei.
37 For inngangen til teltet laga dei eit teppe av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad.
38 Til teppet laga dei fem søyler med hakar. Søylehovuda og banda kledde dei med gull, men dei fem soklane var av bronse.