Exodus 2NO2011NN

1Det var ein mann av Levis hus som gifte seg med ei levitt-dotter.

2Kvinna vart med barn og fødde ein son. Då ho såg at det var ein fin gut, gøymde ho han i tre månader.

3Men då ho ikkje kunne halda han gøymd lenger, laga ho ei korg av papyrusrøyr til han. Den tetta ho med bek og tjøre. Så la ho guten oppi korga og sette henne ut i sivet ved bredda av Nilen.

4Syster hans stilte seg opp eit stykke unna for å sjå korleis det gjekk med han.

5Då kom dotter til farao ned til elva for å bada, medan dei unge jentene i følgjet hennar gjekk att og fram langs elvebredda. Ho fekk auge på korga i sivet og sende ei av tenestejentene for å henta henne.

6Så opna ho korga og fekk sjå guten, eit lite barn som låg og gret. Ho syntest synd på han og sa: «Dette er eit av guteborna til hebrearane.»

7Då sa syster hans til faraos dotter: «Skal eg gå og finna ei hebrearkvinne som kan amma guten for deg?»

8«Ja, gå!» sa dotter til farao. Så gjekk den unge jenta og henta mor til guten.

9Dotter til farao sa til henne: «Kan du ta denne guten og amma han for meg? Eg skal løna deg for det.» Og kvinna tok guten og amma han.

10Guten voks opp, og ho gjekk til faraos dotter med han, og guten vart ein son for henne. Ho gav han namnet Moses, «for eg har drege han opp or vatnet», sa ho.

11Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans.

12Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.

13Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du nesten din?»

14Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er saka likevel kjend!»

15Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få Moses drepen. Men Moses rømde for farao. Han slo seg ned i landet Midjan, der han budde ved ein brønn.

16Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og drog opp vatn og fylte traua for å gje småfeet til faren å drikka.

17Men det kom nokre gjetarar og jaga dei bort. Då greip Moses inn og hjelpte dei, og han gav småfeet deira vatn.

18Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, spurde han: «Kvifor kjem de så tidleg i dag?»

19Dei svara: «Ein egyptar berga oss frå gjetarane. Han drog òg opp vatn for oss og gav småfeet å drikka.»

20«Kvar er han?» spurde faren døtrene. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Hent han, så han kan få seg mat.»

21Moses gjekk med på å bu hos mannen, og han gav Moses dottera Sippora til kone.

22Ho fødde ein son, og Moses gav han namnet Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land», sa han.

23Lenge etter dette døydde kongen i Egypt. Israelittane sukka og klaga over slavearbeidet, og skriket deira steig opp til Gud.

24Gud høyrde korleis dei stønna, og Gud kom i hug si pakt med Abraham, Isak og Jakob.

25Gud såg til israelittane; Gud kjende dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Exodus 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.