Exodus 11NO2011NN

1HERREN sa til Moses: «Endå ei plage skal eg føra over farao og Egypt. Deretter skal han la dykk dra — ikkje berre la dykk dra, han skal jaga dykk ut herifrå.

2Sei så folket høyrer det at kvar mann og kvar kvinne skal be naboen sin om ting av sølv og gull.»

3Og HERREN lét egyptarane sjå med velvilje på folket. Moses vart òg halden for ein svært stor mann i Egypt, både av tenarane til farao og av folket.

4Moses sa: «Så seier HERREN: Ved midnattstid vil eg gå gjennom Egypt.

5Då skal alle førstefødde i Egypt døy, frå den førstefødde hos farao som sit på si trone, til den førstefødde hos slavekvinna som står bak kverna, og alle førstefødde dyr i buskapen.

6I heile Egypt skal det lyda eit skrik så høgt at det aldri har vore maken til det før og heller ikkje skal bli det sidan.

7Men ikkje ein hund skal knurra mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Slik skal de forstå at HERREN set eit skilje mellom egyptarane og israelittane.

8Då skal alle desse mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Dra ut, du og heile folket som følgjer deg! Og så skal eg dra ut.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.

9HERREN sa til Moses: «Farao kjem ikkje til å høyra på dykk. Så kan eg få gjort mange under i Egypt.»

10Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men HERREN gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra ut frå landet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Exodus 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.