Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Esther 8

:
Norwegian - NO2011NN
1 Same dagen gav kong Xerxes dronning Ester det huset som Haman, jødane sin motstandar, hadde hatt. Og Mordekai fekk koma fram for kongen, for Ester hadde fortalt kor nær han stod henne.
2 Kongen tok av seg signetringen som han hadde teke tilbake frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset til Haman.
3 Sidan tala Ester endå ein gong med kongen. Ho fall ned for føtene hans, og gråtande trygla ho han om å stansa dei vonde planane som Haman, agagitten, hadde lagt mot jødane.
4 Kongen rette gullsepteret ut mot Ester. reiste ho seg, steig fram for kongen
5 og sa: «Dersom kongen finn det for godt og han ser meg med velvilje, om saka er rett for kongen og han synest godt om meg, skriv og kall attende breva frå Haman, son til Hammedata, agagitten, dei som han skreiv han la planar om å gjera ende jødane i alle kongens provinsar.
6 Korleis skal eg klara å sjå det vonde som elles vil råka folket mitt, og korleis skal eg klara å sjå at slekta mi blir øydelagd?»
7 sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «Sjå, huset til Haman har eg gjeve til Ester, og sjølv har han vorte hengd ein påle fordi han ville leggja hand jødane.
8 Set no opp eit skriv om jødane i kongens namn, slik de finn det best, og set kongens segl det med signetringen hans. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsegla med kongens signetring, kan ikkje kallast attende.»
9 Kongens skrivarar vart straks kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, det er månaden sivan. Dei skreiv alt ned slik Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og leiarane i provinsane frå India til Kusj, 127 i alt, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk det språket dei tala, også til jødane med den skrifta dei brukte og det språket dei tala.
10 Breva vart skrivne i namnet til kong Xerxes, forsegla med kongens signetring og sende med ilbod som reid raske hestar frå kongens eigen stall.
11 Der stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å stå saman og forsvara livet sitt. Dei kunne utrydda, drepa og gjera ende kvar væpna styrke i alle folk og provinsar som gjekk til åtak dei, også barn og kvinner. Eigedomane deira kunne dei plyndra.
12 Og alt skulle henda ein og same dagen i alle provinsane til kong Xerxes, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar.
13 Ei avskrift av brevet skulle gjelda som lov i kvar provins og kunngjerast for alle folk, jødane kunne vera budde denne dagen og hemna seg fiendane sine.
14 kongens ord reid ilboda av garde kongens hestar i stor fart med det same denne lova var gjeven i borga Susa.
15 Mordekai gjekk ut frå kongen i kongelege klede i purpurblått og kvitt. Han bar ei stor gullkrone og ei kappe av lin og raudt purpur. Og byen Susa jubla og gledde seg.
16 Hos jødane var det lys og glede, fryd og herlegdom.
17 I kvar provins og kvar by, langt som kongens ord og bod nådde, vart det glede og fryd mellom jødane, ein dag for fest og feiring. Og blant folka i landet var det mange som sa seg å vera jødar. For det hadde kome over dei ei redsle for jødane.