Ephesians 3NO2011NN

1Difor bøyer eg mine kne — eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykkar skuld, de som er heidningar.

2De har høyrt om den forvaltaroppgåva Gud i sin nåde har gjeve meg hos dykk.

3I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her.

4Og når de les det opp, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi mysterium,

5det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar:

6at heidningane har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet.

7Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve.

8Ja, til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom

9og føra Guds frelseplan fram i lyset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt.

10Slik skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrommet,

11slik Gud frå evig tid hadde fastsett og no har fullført i Kristus Jesus, vår Herre.

12I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.

13Difor bed eg dykk: Mist ikkje motet om eg må lida for dykkar skuld; det er ei ære for dykk!

14Difor bøyer eg mine kne for Far,

15han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.

16Må han som er så rik på herlegdom, styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.

17Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

18Må de saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

19ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå. Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!

20Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,

21han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ephesians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.