Ephesians 1NO2011NN

1Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage {{i Efesos}}, dei truande i Kristus Jesus:

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3Velsigna er Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen.

4I Kristus valde han oss ut før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil. I kjærleik

5og etter sin eigen gode vilje avgjorde han på førehand at vi skulle få rett til å vera hans born ved Jesus Kristus,

6til lov og pris for hans herlegdom og nåde, som han så rikeleg gav oss i han som han elskar så høgt.

7I han har vi fridomen, kjøpt med hans blod, tilgjeving for syndene. For så rik er Guds nåde,

8som han lét strøyma over oss med all visdom og forstand,

9då han gjorde kjent for oss sin viljes mysterium, det han gjerne ville gjera i han.

10Han ville fullføra sin frelseplan då tida var fullmogen: å samla alt til eitt i Kristus, alt i himmelen og på jorda i han.

11I han fekk vi òg arverett, slik det frå først var tiltenkt oss etter forsettet til han som gjennomfører alt etter sin eigen plan og vilje,

12så vi som alt har sett vår von til Kristus, skal vera til lov og pris for hans herlegdom.

13I han høyrde de sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han kom de òg til tru, merkte med seglet til Anden, Den Heilage, han som var lova,

14han som er pantet på arven til Guds eige folk blir sett fri, til lov og pris for hans herlegdom.

1515–16 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.

16***

17Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna.

18Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage

19og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.

20Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen,

21over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande.

22Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,

23som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ephesians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.