Ecclesiastes 8NO2011NN

1Kven er som den vise, ja, kven kan tyda det som hender? Visdomen lyser opp andletet til mennesket så det strenge draget mildnast.

2Gjer som kongen byd, du svor ved Gud å lyda han.

3Ver ikkje snar til å gå bort frå han, og ver ikkje med på ei dårleg sak! For kongen gjer alt det han vil.

4Kongens ord er lov, kven kan seia til han: «Kva gjer du?»

5Den som held bodet hans, røyner ikkje noko vondt; den vise kjenner i hjartet den rette tida og vegen.

6For allting som blir gjort, har si tid og sin veg, og det vonde som ventar på mennesket, kviler tungt på han.

7Han veit ikkje kva som skal henda. For kven kan seia han kva som skal skje?

8Ingen har makt over vinden så han kan halda han att. Og ingen rår for sin dødsdag. I krig slepp ingen fri, lovløyse bergar ikkje sin mann.

9Alt dette såg eg då eg merkte meg alt som skjer under sola, når eit menneske har makt over eit anna og gjer han skade.

10Vidare såg eg at urettferdige vart lagde i grava, medan dei som kom og gjekk frå den heilage staden, dei som hadde gjort det rette, vart gløymde i byen. Dette òg er fåfengt.

11Om dommen over vond gjerning ikkje straks blir sett i verk, får menneska mot til å gjera det vonde.

12For ein syndar kan gjera det vonde i mange år, og endå lèt Gud han leva lenge. Likevel skulle eg då vita at det går godt for dei som ottast Gud, fordi dei har ærefrykt for han,

13medan det ikkje lukkast for den urettferdige; livet hans blir stutt, kortvarig som ein skugge, fordi han ikkje ottast Gud.

14Det er noko meiningslaust som hender på jorda: Med somme rettferdige går det som dei urettferdige fortener, og med somme urettferdige går det som dei rettferdige fortener. Eg seier: Dette òg er fåfengt.

15Eg har lovprisa gleda, for det finst inga anna lukke for mennesket her under sola enn å eta og drikka og gleda seg. Dette får følgja han i strevet dei levedagane Gud gjev han under sola.

16Eg vigde hjartet mitt til å læra visdomen å kjenna og såg på det slitet og strevet som menneska har på jorda. Korkje dag eller natt hadde eg blund på auga,

17og eg såg at mennesket ikkje kan skjøna det Gud lèt henda, alt det som skjer under sola. Kor mykje han så strevar og granskar, finn han ikkje ut av det. Sjølv om den vise seier han skjønar, fattar han det endå ikkje.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.