Ecclesiastes 6NO2011NN

1Eitt som er vondt har eg sett under sola; det kviler tungt på menneska:

2Gud gjev ein mann både rikdom, gods og ære, så han ikkje manglar noko av alt det han ønskjer seg. Men Gud lèt han ikkje nyta noko av det, det blir ein framand som bruker det opp. Det er meiningslaust, ja, beiskt og vondt.

3Ein mann kan få hundre born og leva i mange år. Men kor lenge han så lever — om han ikkje har glede av alt det gode og ikkje eingong får ei gravferd, seier eg at det ufullborne fosteret har det gått betre med enn han.

4Fåfengt kjem det til verda, i mørker går det bort, og i mørker får det namnet sitt løynt.

5Sollyset har det ikkje sett og aldri kjent. Likevel kviler fosteret betre enn mannen.

6Sjølv om han levde i to gonger tusen år, fekk han ikkje nyta det gode i livet. Går ikkje alle til same staden?

7Mennesket strevar alltid for maten, men svolten i sjela blir aldri stilt.

8Kva fordel har den vise framfor dårar? Og kva hjelper det ein fattig å vita korleis han skal ferdast mellom menneska?

9Betre det auga ser enn det sjela trår etter. Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

10Alt som er til, er nemnt med namn for lenge sidan, det er kjent på førehand kva eit menneske skal bli. Ingen kan føra sak mot den som er sterkare enn ein sjølv.

11Dess fleire ord, dess meir fåfengt! Kva gagn har mennesket av det?

12Ja, kven veit kva som er best for menneska her i livet, alle dei kortvarige dagane dei lever som ein skugge? Kven kan fortelja menneska kva som skal henda etter dei under sola?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.