Deuteronomy 33NO2011NN

1Dette er den velsigninga som gudsmannen Moses lyste over israelittane før han døydde:

2HERREN kom frå Sinai, frå Se'ir stråla han fram for dei. I lysglans kom han frå Paran-fjellet med heilage i titusental som strøymde fram på hans høgre side.

3Ja, han elskar sitt folk. Alle hans heilage er i hans hand. Dei set seg ned ved dine føter og tek imot av dine ord.

4Moses gav oss ei lov, ein eigedom for Jakobs forsamling.

5Det stod fram ein konge i Jesjurun då hovdingane i folket kom saman med stammane i Israel.

6Måtte Ruben leva og aldri døy ut, måtte mennene hans bli talrike!

7Dette gjeld Juda. Han sa: HERRE, høyr ropa frå Juda og lat han koma til folket sitt! Med hendene strider han for det. Ver hans hjelp mot fiendane!

8Om Levi sa han: Dine tummim og urim skal vera hos din trufaste mann, han som du sette på prøve ved Massa og stridde mot ved Meriba-kjelda.

9Han sa om far sin og mor si: «Eg har aldri sett dei.» Han kjendest ikkje ved sine brør og ville ikkje vita av sine born. For dei tok vare på ditt ord og verna om di pakt.

10Dei skal læra Jakob dine bod og Israel di lov. Dei skal bera fram røykjelse til din nase og heiloffer på ditt altar.

11HERRE, velsigna hans kraft og ta vel imot verket frå hans hender! Knus hoftene på hans motstandarar og fiendar så dei aldri reiser seg meir!

12Om Benjamin sa han: HERRENS kjære ven bur trygt og sikkert. HERREN vernar han heile dagen, mellom skuldrene hans får han bu.

13Om Josef sa han: Måtte HERREN velsigna hans land med det beste frå himmelen, med dogg, og frå havdjupet som ligg der nede,

14med den finaste avling som mognast i sol, og det beste som gror medan månen skifter,

15med det gjævaste frå dei eldgamle fjell, det aller beste frå dei evige høgder,

16med alt godt som fyller jorda, og med velvilje frå han som budde i klungeren. Lat dette koma over Josefs hovud, over issen på han som er fyrste blant sine brør.

17Staseleg er hans førstefødde okse, han har horn som ein villokse; med dei kan han stanga folka ned heilt til endane av jorda. Dette er Efraim i titusental, dei tusen på tusen menn av Manasse.

18Om Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, når du dreg ut, gled deg, Jissakar, i dine telt!

19Dei bed folka koma til fjellet, der ber dei fram rette offer. Dei syg til seg rikdom frå havet og skattar gøymde i sanden.

20Om Gad sa han: Velsigna er han som lèt Gad få rom! Som ei løvinne er Gad der han bur. Han riv sund både arm og hovud.

21Han såg seg ut den beste delen, der fekk han lott som ein æra herskar. Når hovdingane i folket kom saman, sette han i verk HERRENS rettferd og hans dommar i Israel.

22Om Dan sa han: Dan er ein løveunge som spring fram frå Basan.

23Om Naftali sa han: Naftali er metta med HERRENS velvilje og fylt av hans velsigning. Han tek land i vest og sør.

24Om Asjer sa han: Mest velsigna blant søner er Asjer. Han skal vera elska av brørne sine og dyppa foten sin i olje.

25Bommane dine skal vera av jern og bronse. Som dine dagar er, skal din styrke vera.

26Ingen er som Jesjuruns Gud. Han rid fram over himmelen for å koma deg til hjelp, rid på skyene i sitt velde.

27Ein bustad er den eldgamle Gud, her nede er hans evige armar. Han dreiv fienden bort for deg og sa: «Rydd ut!»

28Sidan bur Israel trygt, Jakobs kjelde har fred i eit land med korn og ny vin, der dogga dryp frå himmelen.

29Sæl er du, Israel. Kven er som du? Du er eit folk som er frelst av HERREN, ditt vernande skjold og ditt sigrande sverd. Dine fiendar skal krypa for deg medan du skrid fram over høgdene deira.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 33.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.