Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Deuteronomy 22

:
Norwegian - NO2011NN
1 Om du ser at oksen eller sauen til landsmannen din har gått seg bort, skal du ikkje snu ryggen til, men føra dyret tilbake til landsmannen din.
2 Dersom han ikkje bur i grannelaget eller du ikkje veit kven han er, skal du ta dyret heim til deg og ha det hos deg til landsmannen din kjem og spør etter det. skal du la han att dyret.
3 Det same skal du gjera med eselet hans, og det same skal du gjera med kleda hans, og det same skal du gjera med kva det måtte vera som landsmannen din har mista, og som du finn. Du skal ikkje snu ryggen til.
4 Om du ser at eselet eller oksen til landsmannen din fell over ende vegen, skal du ikkje snu ryggen til, men hjelpa han med å reisa opp dyret.
5 Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje kle seg i kvinneklede. For HERREN din Gud avskyr alle som gjer slikt.
6 Når du går ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg ungane eller egga, skal du ikkje ta mora saman med ungane.
7 Lat mora flyga sin veg, men ungane kan du ta. vil det deg vel, og du skal leva lenge.
8 Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk taket, du ikkje fører blodskuld over huset om nokon fell ned frå det.
9 Du skal ikkje noko mellom vinstokkane dine. Elles vil alt til heilagdomen, både avlinga av det du har sådd, og frukta frå vingarden.
10 Du skal ikkje pløya med okse og esel saman.
11 Du skal ikkje i klede som er vovne av blanda tråd, ull og lin saman.
12 Du skal laga deg duskar i dei fire hjørna kappa som du har om deg.
13 Det kan henda at ein mann gifter seg med ei kvinne og går inn til henne, men får uvilje mot henne.
14 Han kjem med skuldingar og set ut vonde rykte om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men eg kom nær henne, fann eg at ho ikkje var jomfru.»
15 skal far og mor til jenta ta teiknet at ho var jomfru, og ha det med til dei eldste i byporten.
16 Og far til jenta skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.
17 Og no kjem han med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn at ho var jomfru. Men her er jomfruteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen.
18 skal dei eldste i byen gripa mannen. Dei skal straffa han
19 og dømma han til ei bot hundre sjekel sølv og gje dei til far til jenta fordi mannen har sett ut eit vondt rykte om ei jomfru i Israel. Ho skal vera kona hans, og han får ikkje skilja seg frå henne lenge han lever.
20 Men dersom skuldinga er sann, om det ikkje finst teikn at jenta var jomfru,
21 skal dei føra henne ut framfor døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive hor i huset til far sin. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
22 Om ein mann blir oppdaga medan han ligg med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen som har lege med henne, og kvinna sjølv. Slik skal du rydda det vonde ut frå Israel.
23 Om ein mann treffer ei ung jente i byen, ei jomfru som er lova bort til ein annan mann, og ligg med henne,
24 skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte ein annan manns kvinne. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
25 Men er det ute marka at ein mann treffer ei jente som er lova bort, og tek henne med makt og ligg med henne, skal berre mannen som låg med henne, døy.
26 Jenta skal du ikkje gjera noko; ho har ikkje gjort noka dødssynd. For dette er ei sak som liknar den at ein mann går ein annan mann og slår han i hel.
27 For han fann henne ute marka. Jenta skreik, men det var ingen som hjelpte henne.
28 Om ein mann treffer ei jente som er jomfru og ikkje er lova bort, og han tvingar seg til å liggja med henne, og dei blir oppdaga,
29 skal mannen som låg med jenta, betala far hennar femti sjekel sølv. Ho skal vera kona hans fordi han krenkte henne, og han får ikkje skilja seg frå henne lenge han lever.
30 Ingen ta kona til far sin til ekte; han ikkje ta kappefliken til far sin bort frå henne.