1På den tid sa HERREN til meg: «Hogg til to steintavler, maken til dei første, og kom opp på fjellet til meg. Lag deg òg ei trekiste.
2På tavlene vil eg skriva dei same orda som på dei første tavlene, dei du knuste, og du skal leggja dei i kista.»
3Og eg laga ei kiste av akasietre, hogg til to steintavler, like dei første, og gjekk opp på fjellet med dei to tavlene i handa.
4På tavlene skreiv han dei same orda som første gongen, dei ti boda som HERREN dykkar Gud hadde forkynt for dykk på fjellet, ut frå elden, den dagen de var samla. Og HERREN gav dei til meg.
5Så snudde eg meg og gjekk ned frå fjellet. Eg la tavlene i kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, slik som HERREN hadde sagt meg.
6Israelittane drog vidare frå kjeldene ved Bene-Jaakan til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han.
7Derifrå drog dei til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.
8På den tid skilde HERREN ut Levi-stammen til å bera HERRENS paktkiste og til å stå for HERRENS andlet og gjera teneste for han og lysa velsigning i hans namn, og det har dei gjort til denne dag.
9Difor fekk ikkje Levi nokon arv og del saman med brørne sine. HERREN er arven hans, slik som HERREN din Gud har sagt han.
10Og eg vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter, liksom første gongen. Også denne gongen høyrde HERREN bøna mi. Han ville ikkje la deg gå til grunne.
11Så sa HERREN til meg: «Reis deg, bryt opp og gå i spissen for folket, så dei kan koma inn og ta det landet som eg med eid lova fedrane deira at eg ville gje dei.»
12Og no, Israel, kva er det HERREN din Gud krev av deg? Berre dette: at du fryktar HERREN din Gud, så du alltid går på hans vegar og elskar han og tener HERREN din Gud av heile ditt hjarte og heile di sjel,
13og at du held HERRENS bod og forskrifter, som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg vel.
14Sjå, himmelen og himmelen over alle himlar, jorda og alt som finst der, høyrer HERREN din Gud til.
15Men det var berre fedrane dine HERREN elska og batt seg til, slik at han valde ut dykk som er etterkomarane deira, framfor alle dei andre folka, slik det òg er i dag.
16Så omskjer då hjartet dykkar og ver ikkje lenger så hardnakka!
17For HERREN dykkar Gud er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og skremmande Gud som ikkje gjer skilnad på folk, og som ikkje lèt seg kjøpa.
18Han gjer rett mot farlause og enkjer, og han elskar innflyttarane i landet, så han gjev dei mat og klede.
19De skal elska innflyttarane, for de var sjølve innflyttarar i Egypt.
20HERREN din Gud skal du frykta, og han skal du tena. Han skal du halda fast ved, og ved hans namn skal du sverja.
21Han er din lovsong, og han er din Gud, som har gjort desse store og skremmande gjerningane for deg som du har sett med eigne auge.
22Fedrane dine var sytti i talet då dei drog ned til Egypt. Men no har HERREN din Gud gjort deg talrik som stjernene på himmelen.