Amos 9NO2011NN

1Eg såg Herren stå på altaret. Han sa: Slå til søylehovuda så dørstokkane skjelv, knus dei så dei fell i hovudet på dei alle! Dei som måtte bli att, vil eg drepa med sverd. Ingen av dei skal kunna rømma, ingen skal berga seg.

2Om dei grev seg ned i dødsriket, skal handa mi henta dei opp. Om dei stig opp til himmelen, skal eg støyta dei ned.

3Om dei gøymer seg på Karmels topp, skal eg finna dei og henta dei ned. Om dei løyner seg for auga mine på havsens botn, byd eg ormen bita dei.

4Om dei må gå som fangar framfor fiendane sine, byd eg sverdet drepa dei. Eg retter auga mot dei til det vonde og ikkje til det gode.

5Herren, allhærs GUD, rører ved jorda, og ho skjelv. Alle som bur der, sørgjer. Heile jorda stig som Nilen og sig som elva i Egypt.

6Han som har bygd sine høge salar i himmelen og reist sin kvelv over jorda, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut over jorda, HERREN er namnet hans.

7For meg, israelittar, er de som kusjittane, seier HERREN. Eg førte Israel opp frå Egypt, men også filistrane frå Kaftor og aramearane frå Kir.

8Sjå, Herren GUDS auge er vende mot det syndige riket: No vil eg sletta det ut frå jorda. Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus, seier HERREN.

9For sjå, eg gjev påbod, og eg rister Israels hus mellom alle folkeslaga som når ein rister i ei sikt og ikkje eit sandkorn fell til jorda.

10For sverdet skal dei døy, alle syndarane i folket mitt, dei som seier: «Det vonde når oss ikkje, det råkar ikkje oss.»

11Den dagen reiser eg opp att Davids falne hytte. Rivnene murar eg att, og det som ligg i røys, reiser eg opp att. Eg byggjer henne som i gamle dagar,

12så dei kan ta resten av Edom i eige og alle dei andre folkeslaga som namnet mitt er nemnt over, seier HERREN, som gjer dette.

13Sjå, dagar skal koma, seier HERREN, då den som pløyer, tek att den som haustar, og den som trakkar druer, tek att den som sår. Druesaft skal drypa frå fjella og fløyma frå alle høgder.

14Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt. Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei. Dei skal planta vinmarker og drikka vinen. Dei skal stella til hagar og eta frukta.

15Eg plantar dei i deira eiga jord, aldri meir skal dei rykkjast opp av den jorda eg har gjeve dei, seier HERREN din Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Amos 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.