Acts 9NO2011NN

1Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten

2og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem.

3Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.

4Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»

5«Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.

6Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»

7Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.

8Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.

9I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.

10I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.»

11Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed.

12Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.»

13Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem.

14Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.»

15Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk.

16Eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn skuld.»

17Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren sjølv, Jesus som synte seg for deg på vegen, har sendt meg for at du skal få att synet og bli fylt av Den heilage ande.»

18Og straks fall det liksom skjel frå auga hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt.

19Så fekk han mat og kom til krefter. Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus,

20der han straks forkynte Jesus i synagogane og sa: «Han er Guds Son.»

21Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydda ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å føra dei i lenkjer til overprestane?»

22Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias.

23Då det hadde gått ei tid, vart jødane samde om å drepa han.

24Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han.

25Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.

26Då han kom til Jerusalem, freista han å koma inn blant læresveinane. Men alle var redde han, for dei stolte ikkje på at han var ein læresvein.

27Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt i Jesu namn i Damaskus.

28Sidan gjekk han ut og inn med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.

29Han tala òg med dei gresktalande jødane og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å drepa han.

30Då brørne fekk vita det, førte dei han til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsos.

31Kyrkja hadde no fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Ho vart bygd opp og levde i ærefrykt for Herren, og styrkt av Den heilage ande auka ho meir og meir.

32Medan Peter reiste omkring overalt, hende det at han kom ned til dei heilage som budde i Lod.

33Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år. Han heitte Æneas.

34Peter sa til han: «Æneas, Jesus Kristus gjer deg frisk. Stå opp og rei senga di!» Straks reiste han seg opp.

35Og alle dei som budde i Lod og på Saron-sletta, fekk sjå han og vende om til Herren.

36I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige.

37Men på den tida vart ho sjuk og døydde. Dei vaska henne og la henne i eit rom ovanpå.

38Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med dette bodet: «Kom hit så fort du kan!»

39Peter gjorde seg ferdig og vart med dei. Då han kom fram, følgde dei han opp på rommet, der alle enkjene samla seg gråtande omkring han. Dei viste fram kjortlane og kappene som Dorkas hadde sydd medan ho endå var mellom dei.

40Peter sende alle ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna auga, og då ho såg Peter, sette ho seg opp.

41Han rette henne handa og reiste henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei heilage og viste dei at ho levde.

42Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren.

43Peter vart buande ei tid i Jaffa hos ein garvar som heitte Simon.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Acts 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.