1På denne tida, då talet på læresveinar stadig auka, tok dei gresktalande til å klaga på dei hebraisktalande fordi deira eigne enkjer vart sette til sides ved den daglege hjelpetenesta.
2Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer Guds ord for å gjera teneste ved borda.
3Vel no ut blant dykk, brør, sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.
4Sjølve skal vi halda oss til bøna og tenesta med Ordet.»
5Dette framlegget vart godt motteke av heile forsamlinga. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokoros, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.
6Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.
7Guds ord breidde seg ut, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Ein stor flokk av prestane vart òg lydige mot trua.
8Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket.
9Då stod det fram nokre frå den synagogen som vart kalla «Synagogen for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar». Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus.
10Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som han tala med.
11Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han seia spottande ord mot Moses og Gud.»
12På den måten eggja dei opp folket og dei eldste og dei skriftlærde. Og dei gjekk mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet.
13Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot denne heilage staden og mot lova.
14Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane som vi har fått overleverte frå Moses.»
15Då feste dei auga på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.