Acts 21NO2011NN

1Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara.

2Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att.

3Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og segla mot Syria. I Tyros la vi til land, for skipet skulle lossa.

4Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.

5Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad

6før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att.

7Så fór vi frå Tyros til Ptolemais og hadde då fullført sjøferda. Vi helsa på syskena der og var ein dag hos dei.

8Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hos evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hos han.

9Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos.

11Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.»

12Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.

13Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjartet? Eg er klar, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.»

14Og sidan han ikkje lét seg overtala, roa vi oss og sa: «Lat Herrens vilje råda!»

15Etter desse dagane gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.

16Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og følgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller første læresveinane. Hos han skulle vi bu.

17Vi kom til Jerusalem, og syskena der tok imot oss med glede.

18Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, der alle dei eldste var samla.

19Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde gjort mellom heidningane gjennom hans teneste.

20Då dei høyrde det, lova dei Gud. Så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle brenn dei for lova.

21Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og at du seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane.

22Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen.

23Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad.

24Ta dei med deg og lat deg reinsa saman med dei. Og ber så kostnaden med dette, slik at dei kan raka hovudet. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever slik at du held lova.

25Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå kjøt som er ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor.»

26Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i tempelet og sa ifrå når reinsingsdagane var omme og offeret skulle berast fram for kvar av dei.

27Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk jødane frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han

28og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som overalt lærer alle slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han til og med teke grekarar med seg inn i tempelet og vanhelga denne heilage staden.»

29For dei hadde alt sett Trofimos frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til tempelet.

30Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han bort frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.

31Dei heldt på og ville slå han i hel då kommandanten for vaktstyrken fekk melding om at heile Jerusalem var i opprør.

32Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus.

33Kommandanten gjekk borttil, lét mennene sine gripa Paulus og baud at han skulle bindast med to lenkjer. Så spurde han Paulus kven han var og kva han hadde gjort.

34Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.

35Då dei kom til trappa, trengde hopen så hardt på at soldatane måtte bera han,

36for heile folkemengda følgde etter og skreik: «Bort med han!»

37Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å seia deg noko?» Han svara: «Kan du gresk?

38Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivmennene ut i øydemarka?»

39«Eg er jøde», sa Paulus, «og borgar av Tarsos, ein ikkje ukjend by i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!»

40Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på trappa og gav teikn til folket med handa. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk:

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Acts 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.