Acts 18NO2011NN

1Sidan tok Paulus ut frå Aten og drog til Korint.

2Der trefte han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, fordi keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle forlata Roma. Paulus tok inn hos dei,

3og sidan dei dreiv same handverket — dei var teltmakarar — vart han buande der og arbeidde i lag med dei.

4Men kvar sabbat tala han med folk i synagogen og overtydde både jødar og grekarar.

5Då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias.

6Men dei sette seg imot og spotta. Då riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Frå no av går eg til heidningane.»

7Så gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som dyrka Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagogen.

8Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.

9Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala!

10Eg er med deg, og ingen skal røra deg eller gjera deg noko vondt, for eg har mykje folk i denne byen.»

11Så vart han buande der i eitt år og seks månader og lærte dei Guds ord.

12Medan Gallio var guvernør i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen.

13«Denne mannen», sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.»

14Paulus fekk ikkje opna munnen før Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller ein kjeltringstrek det gjaldt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar.

15Men er det strid om ord og namn og dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera dommar i slike saker.»

16Dermed jaga han dei bort frå domstolen.

17Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor dommarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.

18Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og segla til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men først klipte han håret i Kenkreæ, for han hadde bunde seg med ein lovnad.

19Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre. Han gjekk til synagogen og gav seg i samtale med jødane.

20Dei bad han vera lenger. Han avslo,

21men då han tok avskil, sa han: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så segla han ut frå Efesos.

22Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp til Jerusalem og helsa på forsamlinga. Så fór han ned til Antiokia.

23Der vart han verande ei tid og tok så ut att. Han drog frå stad til stad gjennom Galatia-området og Frygia og styrkte alle læresveinane.

24Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene.

25Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen.

26Han tok til å tala med frimod i synagogen. Der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg.

27Sidan ønskte han å fara over til Akaia, og brørne oppmuntra han til det. Dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei som hadde kome til tru.

28For med stor kraft sette han jødane på plass når han i ope ordskifte viste ut frå skriftene at Jesus var Messias.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Acts 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.