1Alle Israels stammar kom til David i Hebron og sa: «Sjå, vi er av same bein og kjøt som du.
2Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut og heim att. HERREN har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. Kong David gjorde ei pakt med dei i Hebron for HERRENS andlet. Og dei salva David til konge over Israel.
4David var tretti år gammal då han vart konge, og han styrte i førti år.
5I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.
6Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Halte og blinde skal driva deg bort og seia: Her kjem David aldri inn!»
7David tok likevel Sion-borga, som no er Davidsbyen.
8Den dagen sa David: «Kvar den som drep ein jebusitt, desse halte og blinde som hatar David, skal koma fram til vass-sjakta.» Difor heiter det: «Ein blind eller halt får ikkje koma inn i tempelet.»
9David slo seg ned i borga og kalla henne Davidsbyen. Han bygde omkring henne, frå Millo og innover.
10David fekk stadig større makt, for HERREN, allhærs Gud, var med han.
11Hiram, kongen i Tyros, sende utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømrarar og steinhoggarar. Dei bygde eit slott for David.
12Då skjøna David at HERREN hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.
13Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg fleire følgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.
14Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
15Jibhar, Elisjua, Nefeg, Jafia,
16Elisjama, Eljada og Elifelet.
17Då filistrane fekk høyra at David var salva til konge over Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ned til borga.
18Filistrane kom og spreidde seg ut over Refa'im-dalen.
19Då spurde David HERREN til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og HERREN svara David: «Dra opp! Eg vil gje filistrane i dine hender.»
20Så drog David til Baal-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «HERREN har brote igjennom fiendens rekkjer føre meg, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei denne staden Baal-Perasim.
21Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.
22Men filistrane drog igjen opp og spreidde seg ut over Refa'im-dalen.
23Då spurde David HERREN til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Gå rundt og bak dei, så kjem du på dei midt framfor baka-trea.
24Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, så gjer deg klar! For då dreg HERREN ut framfor deg for å slå filistarhæren.»
25David gjorde som HERREN hadde sagt han. Han slo filistrane og forfølgde dei frå Geba og nesten til Geser.