2 Samuel 1NO2011NN

1Då Saul var død og David var komen att etter sigeren over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar.

2Den tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og med jord på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg til jorda og hylla han.

3David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Frå Israelsleiren, eg slapp unna.»

4Då sa David til han: «Fortel meg kva som har hendt!» Han svara: «Folket flykta frå slaget, og mange av dei fall og mista livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»

5David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»

6Guten som melde frå, svara: «Det laga seg så at eg var på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og støtta seg på spydet sitt medan stridsvognene og ryttarane trengde hardt inn på han.

7Han snudde seg og fekk auge på meg. Då ropa han på meg, og eg svara: Ja, her er eg.

8Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er amalekitt.

9Då sa han til meg: Still deg over meg og gjev meg dødsstøyten! For eg er i dødskrampe, men enno i live.

10Så gjekk eg bort til han og gav han dødsstøyten, for eg skjøna at han ikkje hadde kunna overleva om han hadde falle. Eg tok krona han hadde på hovudet, og ringen han hadde rundt armen, eg kjem med dei hit til min herre.»

11Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han.

12Heilt til kvelden heldt dei sørgjehøgtid og fasta og gret over Saul og Jonatan, son hans, over HERRENS folk og Israels hus fordi dei var falne for sverd.

13Så spurde David ungguten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»

14Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på HERRENS salva og drepa han?»

15David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,

16og David sa: «Ditt blod kjem over ditt eige hovud. For din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe HERRENS salva.»

17David stemde i denne likklaga over Saul og Jonatan, son hans,

18og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»:

19Din prydnad, Israel, ligg drepen på haugane dine. Falne er krigarane!

20Kunngjer ikkje dette i Gat, meld ikkje dette på gatene i Asjkalon! Filistardøtrene ville gleda seg, døtrene til dei uomskorne jubla.

21De Gilboa-fjell, gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, gjev markene aldri må bera førstegrøde! For der låg tilsølte krigarskjold, Sauls skjold var ikkje smurt med olje.

22Utan blod av falne, utan feitt av krigarar vende aldri Jonatans boge attende eller Sauls-sverdet umetta heim.

23Saul og Jonatan, elska og avhaldne i live, døden skilde dei ikkje åt. Raskare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løver.

24Israels døtrer, gråt over Saul, som kledde dykk fagert i purpur og prydde dykkar klede med gull!

25Falne er krigarane, falne i kamp! Jonatan ligg drepen på haugane dine.

26Eg sørgjer over deg, Jonatan, min bror! Inderleg var du meg kjær. Din kjærleik var meg meir underfull enn kvinners kjærleik.

27Falne er krigarane, krigsvåpna øydelagde!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.