1Profeten Elisja kalla til seg ein av profetlæresveinane og sa: «Bind kjortelen om livet, ta med deg denne oljekrukka og gå til Ramot i Gilead!
2Når du kjem dit, skal du finna Jehu, son til Josjafat, son til Nimsji. Gå inn, få han vekk frå dei andre. Ta han med deg inn i det inste rommet!
3Ta oljekrukka, slå olje over hovudet hans og sei: Så seier HERREN: Eg har salva deg til konge over Israel. Så skal du opna døra og koma deg unna så fort du kan.»
4Profetlæresveinen, som berre var ein unggut, drog av stad til Ramot i Gilead.
5Då han kom dit, såg han hærførarane sitja saman. «Eg har noko å seia deg, hærførar», sa han. «Kven av oss gjeld det?» spurde Jehu. «Deg, hærførar», svara han.
6Då reiste Jehu seg og gjekk inn i huset. Profetlæresveinen slo olje over hovudet hans og sa til han: «Så seier HERREN, Israels Gud: Eg har salva deg til konge over HERRENS folk, over Israel.
7Du skal gjera ende på huset til herren din, Ahab. Eg vil ta hemn over Jesabel for drapet på profetane, tenarane mine, alle HERRENS tenarar som leid døden.
8Heile Ahabs hus skal gå til grunne. Eg vil rydda ut alle mannfolk, både fange og fri, av Ahabs hus i Israel.
9Eg vil gjera med Ahabs hus som eg gjorde med huset til Jeroboam, son til Nebat, og med huset til Basja, son til Ahia.
10Jesabel skal hundane eta opp på Jisreel-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetlæresveinen døra og rømde sin veg.
11Då Jehu kom ut til dei andre som tente herren hans, spurde dei han: «Er alt vel? Kvifor kom han til deg, denne galningen?» Han svara: «De kjenner då både han og pratet hans!»
12Men dei sa: «Det er løgn! Fortel oss kva han sa!» Då sa han: «Ord for ord sa han til meg: Så seier HERREN: Eg har salva deg til konge over Israel.»
13Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på trappestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!»
14Slik fekk Jehu, son til Josjafat, son til Nimsji, i stand ei samansverjing mot Joram. Kong Joram og heile Israel hadde forsvara Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael.
15No hadde Joram vendt attende til Jisreel og ville få lækt såra som aramearane hadde gjeve han då han kjempa mot Hasael, kongen i Aram. No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut av byen og gå til Jisreel for å fortelja om dette.»
16Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisreel, der Joram låg sjuk. Kongen i Juda, Ahasja, var komen dit ned; han ville sjå til Joram.
17Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisreel, fekk sjå Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein heil flokk!» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han for å møta dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»
18Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nådd fram til dei, men han kjem ikkje tilbake.»
19Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!»
20Vaktmannen melde: «Han har nådd fram til dei, men kjem ikkje att. Og dei køyrer som Jehu, son til Nimsji. Han køyrer som ein galen!»
21Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Ahasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisreel til.
22Då Joram fekk auge på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan eg koma i fredeleg ærend så lenge Jesabel, mor di, framleis driv hor og held på med alle trolldomskunstene sine?»
23Joram snudde vogna og flykta. Han ropa til Ahasja: «Dette er svik, Ahasja!»
24Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane så pila gjekk rett gjennom hjartet, og han seig saman i vogna.
25Då ropa Jehu til Bidkar, våpenberaren sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisreel til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Ahab, far hans, den gongen HERREN tala dette domsordet mot han:
26Sanneleg, i går såg eg blodet til Nabot og sønene hans, seier HERREN. Og det vil eg gje deg att for på denne marka, seier HERREN. Ta no og kast han inn på marka, som HERREN har sagt.»
27Då Ahasja, kongen i Juda, såg dette, flykta han i retning Bet-ha-Gan. Men Jehu følgde etter han og ropa: «Han òg!» Og dei slo han ned medan han sat i vogna si, i Gur-passet ved Jibleam. Han flykta til Megiddo, og der døydde han.
28Kongens menn køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav hos fedrane hans i Davidsbyen.
29Ahasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret til Joram, son til Ahab.
30No kom Jehu til Jisreel. Då Jesabel høyrde det, sminka ho auga, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauget.
31Då Jehu kom inn gjennom byporten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?»
32Jehu såg opp mot vindauget og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to–tre hoffmenn såg ut gjennom vindauget,
33ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot.
34Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna gravlagd! Ho var då ei kongsdotter.»
35Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene.
36Dei vende attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som HERREN tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisreels mark skal hundane eta opp kjøtet av Jesabel.
37Liket hennar skal liggja som gjødsel på jorda i Jisreel, og ingen skal kunna seia: Dette er Jesabel.»