2 Kings 25NO2011NN

1Då drog Nebukadnesar med heile sin hær mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret til Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og bygde ein voll rundt han.

2Og byen var kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.

3Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst og folket ikkje hadde meir mat,

4braut fienden gjennom bymuren. Om natta flykta alle krigarane gjennom porten mellom dei to murane, ved kongens hage, endå kaldearane hadde kringsett byen. Og dei tok vegen mot Araba-sletta.

5Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på slettene ved Jeriko. Då hadde heile hæren flykta frå han og var spreidd.

6Kongen vart gripen og ført opp til Ribla, til kongen av Babel, som felte dommen over han.

7Han drap sønene til Sidkia medan han såg på. Så stakk han ut auga på Sidkia, batt han med bronselenkjer og førte han til Babel.

8Den sjuande dagen i den femte månaden — det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar — kom ein av Babel-kongens menn til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta.

9Nebusaradan sette HERRENS hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp.

10Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem.

11Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av folket.

12Berre ein del av dei fattigaste i landet lét han vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.

13Kaldearane slo sund bronsesøylene i HERRENS hus, vognstativa og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babel.

14Dei tok oskefata og eldskuffene, lysesaksene og røykjelsesskålene og alt utstyr av bronse som hadde vore i bruk i gudstenesta.

15Sjefen for livvakta tok òg med seg glopannene og offerskålene, alt som var av gull og sølv.

16Dei to søylene, det eine havet og vognstativa som Salomo hadde laga til HERRENS hus — alle desse tinga inneheldt så mykje bronse at dei ikkje kunne vegast.

17Begge søylene var atten alner høge og hadde eit søylehovud av bronse som var tre alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse.

18Overhovudet over livvakta tok med seg øvstepresten Seraja, presten under han, Sefanja, og dei tre dørvaktarane.

19Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, fem av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket som elles fanst i byen.

20Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla.

21Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.

22Kong Nebukadnesar av Babel sette Gedalja, son til Ahikam, son til Sjafan, til å styra over den delen av folket som var att i Juda, dei som kongen hadde late vera att.

23Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett inn Gedalja, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Jaasanja, son til ein mann frå Maaka. Alle kom dei med mennene sine.

24Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver i landet og ten kongen av Babel, så skal det gå dykk vel.»

25Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja, son til Elisjama, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei slo i hel Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hos han i Mispa.

26Då braut heile folket opp, både små og store, og hærførarane med dei. Dei drog til Egypt, for dei var redde kaldearane.

27I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og sette han fri frå fengselet.

28Han snakka venleg med han og gav han den fremste plassen mellom dei andre kongane som var hos han i Babel.

29Jojakin fekk leggja av fangedrakta, og han åt alltid ved kongens bord så lenge han levde.

30Sitt daglege brød fekk han av kongen, dag for dag så lenge han levde.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.