1I det andre året Joasj, son til Joahas, var konge i Israel, vart Amasja, son til Joasj, konge i Juda.
2Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
3Amasja gjorde det som rett var i HERRENS auge, men ikkje heilt som David, stamfar hans. Han gjorde alt slik som Joasj, far hans, hadde gjort.
4Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og tenna eld på haugane.
5Så snart Amasja hadde kongedømet trygt i si hand, slo han i hel dei tenarane som hadde drepe far hans, kongen.
6Men borna åt drapsmennene slo han ikkje i hel. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der HERREN byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.
7Amasja slo edomittane i Saltdalen, ti tusen mann. I den krigen tok han Sela. Han gav byen namnet Jokteel, som han heiter den dag i dag.
8På den tid sende Amasja bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han.
9Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned.
10Du har slege edomittane, og difor har du vorte overmodig. Ver no nøgd med den æra du har, og hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke så du går til grunne, og Juda med deg?»
11Men Amasja ville ikkje høyra på han. Då rykte Israels-kongen Joasj ut mot Amasja, kongen i Juda. Dei kjempa andlet til andlet i Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
12Judearane vart slegne av israelittane og flykta kvar til sitt.
13Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Ahasja, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten.
14Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i HERRENS hus og i skattkammera i kongeborga, og dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.
15Det som elles er å fortelja om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
16Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria hos Israels-kongane. Jeroboam, son hans, vart konge etter han.
17Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død.
18Det som elles er å fortelja om Amasja, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
19Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då flykta han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.
20Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd i Davidsbyen, der fedrane hans låg.
21Heile folket i Juda tok Asarja, som då var seksten år gammal, til konge etter Amasja, far hans.
22Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine.
23I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år.
24Jeroboam gjorde det som vondt var i HERRENS auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på.
25Han vann tilbake landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Araba-sjøen. Det gjekk som HERREN, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, Jona, son til Amittai, profeten frå Gat-Hefer.
26For HERREN hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute med alle som ein, og dei hadde ingen til å hjelpa seg.
27Men HERREN hadde ikkje sagt at han ville utsletta Israels namn under himmelen. Difor berga han dei gjennom Jeroboam, son til Joasj.
28Det som elles er å fortelja om Jeroboam og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen då han vann att Damaskus og Hamat for Israel, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
29Jeroboam gjekk til kvile hos fedrane sine, Israels-kongane, og Sakarja, son hans, vart konge etter han.