2 Corinthians 11NO2011NN

1Eg skulle ønskja de ville tola litt dårskap frå meg! Ja, de får tola det!

2For eg vaktar dykk med Guds brennande sjalusi. Eg har lova dykk bort til Kristus, og berre til han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein jomfru.

3Men eg er redd at liksom ormen narra Eva med sine listige knep, slik skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

4For de toler svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

5Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse superapostlane.

6Om eg kanskje er ulærd i talekunst, er eg ikkje utan kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.

7Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte Guds evangelium for dykk utan betaling, og slik audmjuka meg sjølv så de kunne opphøgjast?

8Andre forsamlingar har eg nærast plyndra; eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hos dykk!

9Og då eg var hos dykk, var eg ikkje ei bør for nokon av dykk når det var noko eg trong; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg mangla. Alltid passa eg på å ikkje vera ei bør for dykk, og det skal eg framleis gjera.

10Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i heile Akaia ta frå meg!

11Kvifor? Fordi eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud at eg gjer.

12Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil finna ein grunn til å skryta av at dei er som eg, men den grunnen skal eg ta frå dei.

13Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.

14Og det er ikkje å undrast på, for Satan sjølv skaper seg om til ein lysengel.

15Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men løna dei får til sist, skal svara til gjerningane deira.

16På nytt seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, så lat meg vera vitlaus, så eg òg kan skryta litt.

17Det eg seier, det seier eg ikkje fordi Herren vil det; eg seier det i eit slag vanvit.

18Men sidan det er så mange som gjer seg stolte av sine menneskelege fordelar, vil eg òg vera stolt.

19De som er så kloke, toler vel folk som har mista vitet.

20For de toler då at dei gjer dykk til slavar, at dei utnyttar dykk og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet.

21Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike! Men det dei andre vågar — no talar eg i vanvit — det kan vel eg òg våga.

22Er dei hebrearar? Det er eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg.

23Er dei Kristi tenarar? Eg seier i mitt vanvit: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, vore oftare i fengsel, fått langt fleire slag og mange gonger vore i dødsfare.

24Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær.

25Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døgn omkring på havet.

26Ofte var eg på reiser, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske sysken,

27i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og tørste, ofte fastande og utan klede i kulden.

28I tillegg til alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsorga for alle forsamlingane.

29Kven er veik utan at eg òg blir veik? Kven fell ifrå utan at det brenn i meg?

30Om eg likevel skal vera stolt, vil eg vera stolt av veikskapen min.

31Gud, vår Herre Jesu Far, han som er velsigna i all æve, han veit at eg ikkje lyg!

32I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg.

33Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut av hendene hans.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Corinthians 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.