2 Chronicles 21NO2011NN

1Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen til David, stamfar sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.

2Joram hadde fleire brør, søner av Josjafat. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel.

3Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og kostbare ting, i tillegg til festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram, for han var den førstefødde.

4Då Joram hadde teke over kongedømet etter far sin og hadde sikra seg makta, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av leiarane i Israel.

5Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

6I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i HERRENS auge.

7Men på grunn av pakta han hadde gjort med David, ville HERREN ikkje øydeleggja Davids hus; for han hadde lova at ei lampe alltid skulle lysa for han og etterkomarane hans.

8I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge.

9Då rykte Joram ut dit med hærførarane sine og alle stridsvognene. Han braut opp om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og kommandantane for stridsvognene.

10Etter opprøret har Edom vore skilt frå Juda til denne dag. På same tid gjorde Libna opprør mot Joram fordi han hadde forlate HERREN, sine fedrars Gud.

11Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, han fekk dei som budde i Jerusalem, til å driva hor, og han førte judearane på avvegar.

12Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier HERREN, Gud til David, far din: Du følgjer ikkje vegane til Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen.

13Men du går på dei same vegane som Israels-kongane, og slik får du judearane og dei som bur i Jerusalem, til å driva hor, slik Ahabs hus gjorde det. Du har jamvel drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du.

14Difor vil HERREN slå både folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig, med ei stor plage.

15Og sjølv skal du bli ramma av store lidingar, ein sjukdom i innvolane som gjer at dei til sist fell ut.

16Så eggja HERREN opp filistrane mot Joram, saman med dei arabarane som budde bortmed kusjittane.

17Dei drog opp mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alt dei fann i kongeborga, og sønene hans og konene hans. Han hadde ingen søner att bortsett frå Joahas, som var yngst.

18Etter alt dette ramma HERREN han med ulækjande sjukdom i tarmane.

19Til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at tarmane hans fall ut, og han døydde under store smerter. Folket kveikte ikkje noko bål til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.

20Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.