2 Chronicles 11NO2011NN

1Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han Judas og Benjamins hus, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam.

2Då kom HERRENS ord til gudsmannen Sjemaja:

3«Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:

4Så seier HERREN: De skal ikkje fara opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei HERRENS ord; dei snudde og gjekk ikkje mot Jeroboam.

5Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde ut nokre byar i Juda til festningsbyar.

6Såleis bygde han Betlehem, Etam og Tekoa,

7Bet-Sur, Soko og Adullam,

8Gat, Maresja og Sif,

9Adorajim, Lakisj og Aseka,

10Sora, Ajjalon og Hebron. Desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.

11Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar og gav dei lager med mat, olje og vin.

12Kvar einskild by utstyrte han med skjold og spyd. Slik gjorde han dei svært sterke. Juda og Benjamin høyrde han til.

13Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle kantar av landet og steig fram for Rehabeam.

14Levittane forlét beitemark og eigedom og drog til Juda og Jerusalem fordi Jeroboam og sønene hans hindra dei i å gjera presteteneste for HERREN.

15Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga.

16Med prestane og levittane følgde alle dei som hadde lagt seg på hjartet å søkja Israels Gud. Frå alle Israel-stammane kom dei til Jerusalem for å ofra til HERREN, sine fedrars Gud.

17Dei styrkte kongedømet i Juda og sikra makta for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For i tre år følgde dei vegane til David og Salomo.

18Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot, son til David, og Abihajil, dotter til Eliab, son til Isai.

19Ho fødde han sønene Je'usj, Sjemarja og Saham.

20Sidan tok han Maaka, dotter til Absalom, til kone. Ho fødde han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit.

21Rehabeam heldt meir av Maaka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og følgjekonene sine. I alt hadde han atten koner og seksti følgjekoner. Og han fekk tjueåtte søner og seksti døtrer.

22Rehabeam sette Abia, son til Maaka, til overhovud og leiar mellom brørne, for han tenkte å gjera han til konge.

23Men han var klok nok til å spreia sønene sine over heile Juda og Benjamin, i alle festningsbyane der. Han gav dei rikeleg med mat og skaffa dei mange koner.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.