Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Samuel 4

:
Norwegian - NO2011NN
1 son til Saul fekk høyra at Abner hadde mista livet i Hebron, mista han motet, og heile Israel vart gripne av redsle.
2 Son til Saul hadde to menn i tenesta si som førte flokkar plyndringstokt. Den eine heitte Baana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Beerot og høyrde til Benjamin-stammen. For Beerot vart òg rekna til Benjamin.
3 Folket i Beerot hadde flykta til Gittajim, og der har dei budd som innflyttarar til denne dag.
4 Jonatan, son til Saul, hadde ein son som hadde ein skade i føtene. Han var fem år gammal ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisreel. Fostermora tok han med seg og flykta i all hast, men under flukta fall han ned og vart halt. Han heitte Mefibosjet.
5 tok dei ut, Rekab og Baana, sønene til Rimmon frå Beerot. Dei kom til huset til Isjbosjet medan dagen var det heitaste og han låg og kvilte middag.
6 Kvinna som vakta døra, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde sovna, Rekab og Baana, bror hans, slapp usedde forbi.
7 Dei kom inn i huset der Isjbosjet låg senga i soverommet sitt, og dei slo han i hel og hogg hovudet av han. Dei tok hovudet med seg, og gjekk dei heile natta over Araba-sletta.
8 Dei kom med hovudet hans til David i Hebron og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet av Isjbosjet, son til Saul, fienden din, som stod deg etter livet. I dag har HERREN gjeve deg hemn over Saul og slekta hans, herre konge.»
9 Men David svara Rekab og Baana, bror hans, sønene til Rimmon frå Beerot: «Så sant HERREN lever, han som har fria meg ut or all naud:
10 Den mannen som kom til meg og melde at Saul var død, meinte sjølv at han kom med eit gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag. Det var løna eg gav han for gledebodet!
11 Kva no, når lovlause har drepe ein uskuldig mann i hans eige hus og hans eiga seng? Skulle eg ikkje krevja hans blod av dykkar hand og rydda dykk ut frå jorda?»
12 gav David nokre unge menn ordre om å drepa Rimmon-sønene. Dei hogg hendene og føtene av dei og hengde dei opp ved Hebron-dammen. Men hovudet av Isjbosjet tok dei og gravla i Abners grav i Hebron.