Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Corinthians 8

:
Norwegian - NO2011NN
1 Vi vil no kunngjera dykk, sysken, kva nåde Gud har vist forsamlingane i Makedonia.
2 For sjølv om dei har vore hardt prøvde i si naud, har den overstrøymande gleda og djupe fattigdomen deira gjort dei rike og villige til å gje.
3 Dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det frivillig.
4 Inderleg bad dei om å vera med gåva saman med oss i denne tenesta for dei heilage.
5 Og dei gav ikkje berre slik som vi håpa. Nei, seg sjølve gav dei, først til Herren og til oss, som Gud vil det.
6 Difor bad vi Titus om å gjera ferdig den gåva han alt hadde byrja hos dykk.
7 De har overflod av alt, av tru og tale, av kunnskap og iver og av kjærleiken frå oss, den som no bur i dykk. de òg la overfloda visa seg i denne gåva.
8 Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hos dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte.
9 De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig han var rik, de ved hans fattigdom skulle bli rike.
10 Eg seier mi meining om dette; det kan vera til nytte for dykk, de som i fjor ikkje berre gjekk inn i arbeidet, men òg la godviljen til.
11 No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var villige til å i gang, de no vera villige til å fullføra, alt etter kor mykje de har.
12 For når den gode viljen er til stades, skal han verdsetjast etter det ein har, og ikkje etter det ein ikkje har.
13 For det er ikkje slik meint at andre skal hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt.
14 Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. blir det likt,
15 slik det står skrive: Den som fekk mykje, hadde ikkje meir enn han trong, og den som fekk lite, mangla ingen ting.
16 Men Gud vere takk som har vekt den same omsorg for dykk i hjartet til Titus.
17 Han sa ja eg bad han, og vart ivrig at han no reiser til dykk etter eige ønske.
18 Saman med han sender vi den broren som får ros i alle forsamlingane for sitt arbeid for evangeliet.
19 Ja, ikkje berre det, forsamlingane har valt han til å følgja oss når vi reiser med denne gåva og kjem med henne til Herrens ære, og som teikn vår gode vilje.
20 den måten kan ingen lasta oss for noko i samband med den store summen som vi har hand om.
21 For vi legg vinn å gjera det som godt er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske.
22 Saman med desse to sender vi endå ein bror. Mange gonger og mange måtar har han vist oss kor ivrig han er, og ettersom han har stor tiltru til dykk, er han endå meir ivrig etter å koma i gang.
23 Når det gjeld Titus, kom i hug at han er min medhjelpar og medarbeidar hos dykk. Dei andre brørne, dei er utsendingar frå forsamlingane, til ære for Kristus.
24 Vis dei no den kjærleiken de har, og lat dei og alle forsamlingane sjå at det er med rette eg har rosa dykk.