Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 4

:
Norwegian - NO2011NN
1 Salomo laga eit bronsealtar. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt.
2 laga han havet av støypt metall. Det var sirkelforma og målte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og omkrinsen var tretti alner målt med målesnor.
3 Nedanfor kanten var det bilete av oksar heile vegen rundt. Dei omkransa heile havet, ti kvar alen. Det var to rader med oksar, støypte i eitt med havet.
4 Havet stod tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte dei.
5 Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten eit beger, forma som ei lilje. Det tok tre tusen bat.
6 laga han ti fat og sette fem høgre og fem venstre sida. Dei skulle nyttast til vasking. Det som høyrde brennoffera til, vart skylt i dei. Men prestane skulle vaska seg i havet.
7 Han laga òg ti lysestakar av gull etter forskriftene for dei og sette dei i tempelet, fem høgre og fem venstre sida.
8 Han laga ti bord som han stilte opp i tempelet, fem høgre og fem venstre sida. Han laga òg hundre offerskåler av gull.
9 bygde han føregarden for prestar og den store føregarden med dører til. Dørene kledde han med bronse.
10 Havet sette han høgre sida, mot søraust.
11 Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført det handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo i Guds hus:
12 to søyler; to skåler søylehovuda øvst søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;
13 dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene søylehovuda øvst søylene.
14 Han laga vognstativa og fata til kvart av dei,
15 havet det var berre eitt og dei tolv oksane under det,
16 grytene, eldskuffene og gaflane. Alt dette utstyret som meisteren Hiram laga for kong Salomo til HERRENS hus, var av polert bronse.
17 Det var Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den tjukke leirjorda mellom Sukkot og Sereda.
18 Salomo laga alt dette utstyret i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.
19 Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på,
20 lysestakane med lamper som skulle kveikjast etter forskriftene dei stod framfor Det høgheilage og var av reint gull
21 blomeornamenta, lampene og tengene av gull, ja, av det finaste gull,
22 lysesaksene, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Inngangsdørene til tempelet, både dei indre dørene til Det høgheilage og dørene inn til sjølve tempelet, var av gull.