Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 18

:
Norwegian - NO2011NN
1 Josjafat fekk stor rikdom og ære, og han knytte slektsband til Ahab.
2 Nokre år seinare drog han ned til Ahab i Samaria. Ahab slakta ei stor mengd med småfe og storfe for han og dei mennene han hadde med seg, og overtala han til å dra opp mot Ramot i Gilead.
3 «Vil du med meg mot Ramot i Gilead?» sa Ahab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Og han svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk. Vi går med deg i krigen.»
4 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først HERREN til råds!»
5 samla Israels-kongen profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Gud vil gje byen i kongens hender.»
6 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av HERRENS profetar her som vi òg kunne spørja?»
7 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne til å spørja HERREN. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, men alltid vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»
8 ropa Israels-kongen ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
9 Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud kvar sin kongsstol, ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.
10 Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier HERREN: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»
11 Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, skal du ha lukka med deg. HERREN vil gje byen i kongens hender.»
12 Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr! Profetane seier med éin munn at det skal kongen vel. Lat no ditt ord vera som deira og spå godt, du òg!»
13 Men Mika svara: «Så sant HERREN lever: Det min Gud seier, eg tala.»
14 han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Han svara: «Far opp dit, skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hender.»
15 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja at du ikkje seier meg anna enn sanninga i HERRENS namn?»
16 sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og HERREN sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»
17 sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»
18 Mika sa: høyr HERRENS ord! Eg såg HERREN sitja kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod høgre og venstre sida hans.
19 spurde HERREN: «Kven vil lokka Ahab, Israels-kongen, han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara og ein annan så.
20 gjekk ei ånd fram, stilte seg for HERRENS andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde HERREN.
21 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen alle profetane hans.» sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»
22 har HERREN lagt ei løgnarånd i munnen desse profetane dine. HERREN har varsla ulukke for deg.
23 gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika kinnet og sa: «Korleis har HERRENS ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»
24 Mika svara: «Det skal du sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»
25 sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj
26 og sei: seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»
27 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, har ikkje HERREN tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
28 drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.
29 Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha deg dei vanlege kleda dine.» kledde Israels-kongen seg ut, og dei drog ut i krigen.
30 Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»
31 vognkommandantane fekk auge Josjafat, sa dei: «Det vera Israels-kongen.» omringa dei han og gjekk til åtak. sette Josjafat i å ropa høgt, og HERREN hjelpte han. Gud lokka dei bort frå han.
32 vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
33 Men ein mann spente bogen og skaut måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»
34 Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt Israels-kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane til kvelden kom. Men sola gjekk ned, døydde han.