1 Samuel 23NO2011NN

1David fekk melding om at filistrane hadde gått til åtak på Ke'ila og plyndra treskjeplassane.

2Då bad David HERREN om råd: «Skal eg dra ut og slå desse filistrane?» HERREN svara: «Dra ut og slå filistrane og fri ut Ke'ila.»

3Men mennene til David sa til han: «Ikkje eingong her i Juda er vi trygge, og så skulle vi dra til Ke'ila, mot hæren til filistrane?»

4Endå ein gong bad David HERREN om råd, og HERREN svara: «Bryt opp og dra ned til Ke'ila! Eg vil gje filistrane i dine hender.»

5Så drog David og mennene hans til Ke'ila og kjempa mot filistrane. Dei dreiv buskapen deira bort og lét dei lida eit stort nederlag. Slik berga David folket i Ke'ila.

6Då Abjatar, son til Ahimelek, rømde til David og følgde han til Ke'ila, hadde han efoden med seg.

7Saul fekk melding om at David var komen til Ke'ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han stengde seg sjølv inne då han drog inn i ein by med portar og bommar.»

8Så kalla Saul heile hæren saman til kamp. Han ville fara ned til Ke'ila for å kringsetja David og mennene hans.

9Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Ta fram efoden!»

10Så sa David: «HERRE, Israels Gud! Tenaren din har høyrt at Saul tenkjer seg til Ke'ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.

11Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg til han? Kjem Saul hit ned, slik som tenaren din har fått nyss om? HERRE, Israels Gud, fortel tenaren din dette!» HERREN svara: «Ja, han kjem hit ned.»

12David heldt fram: «Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg og mennene mine til Saul?» HERREN svara: «Ja, dei vil utlevera dykk.»

13No braut David opp med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei drog bort frå Ke'ila og flakka omkring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke'ila, lét han vera å dra ut.

14Etter dette heldt David til i ørkenen, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-ørkenen. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud lét han ikkje falla i hans hender.

15Medan David var i Horesja i Sif-ørkenen, fekk han vita at Saul hadde drege ut for å drepa han.

16Men Jonatan, son til Saul, drog av garde og kom til David i Horesja. Han hjelpte han til å henta nytt mot hos Gud.

17«Ver ikkje redd!» sa han. «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal bli konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»

18Så gjorde dei to ei pakt med kvarandre for HERRENS andlet. David vart verande i Horesja, men Jonatan gjekk heim til seg.

19Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «Veit du at David held seg gøymd hos oss i fjellborgene i Horesja, ved Hakila-haugen som ligg sør for Jesjimon?

20Så sant du ønskjer å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»

21Saul svara: «Velsigna er de av HERREN fordi de held med meg.

22Gå no, og ver framleis på vakt. Få greie på kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er svært listig.

23Sjå etter og finn alle gøymestadene der han kan ha gøymt seg. Kom så tilbake til meg med påliteleg melding, og eg skal vera med dykk. Så sant han er i landet, skal eg leita han opp mellom alle slektene i Juda.»

24Då braut dei opp og drog til Sif i førevegen for Saul. David og mennene hans var då i Maon-ørkenen, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.

25Saul og mennene hans drog ut for å leita etter han. Men det fekk David vita, og han drog ned til berghamaren i Maon-ørkenen og vart verande der. Då Saul fekk høyra det, følgde han etter David ut i Maon-ørkenen.

26Saul gjekk på den eine sida av fjellet og David og mennene hans på den andre. David flykta for å koma unna Saul. Men Saul og mennene hans var i ferd med å omringa David og mennene hans og ta dei.

27Då kom det ein bodberar til Saul og sa: «Skund deg og kom! Filistrane har rykt inn i landet.»

28Då heldt Saul opp med å forfølgja David og drog mot filistrane. Difor kallar dei den staden Sela-ha-Mahlekot, «Skiljehamaren».

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.