1 Kings 22NO2011NN

1Aramearane og israelittane heldt seg no i ro i tre år; det var ingen krig mellom dei.

2Tredje året drog Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel.

3Då sa Israels-kongen til mennene sine: «De veit vel at Ramot i Gilead høyrer til oss? Og så gjer vi ingenting for å ta byen tilbake frå aramearkongen!»

4Og til Josjafat sa han: «Vil du gå med meg i krig mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

5Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først HERREN til råds!»

6Då samla Israels-kongen profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Herren vil gje byen i kongens hender.»

7Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av HERRENS profetar her som vi òg kunne spørja?»

8Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja HERREN. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

9Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»

10Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.

11Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier HERREN: Med desse skal du stanga aramearane til du får gjort ende på dei.»

12Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. HERREN vil gje byen i kongens hender.»

13Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr her! Dei andre profetane profeterer med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira og spå godt, du òg!»

14Men Mika svara: «Så sant HERREN lever: Det HERREN seier til meg, det må eg tala.»

15Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal du ha lukka med deg! HERREN vil gje byen i hendene på kongen.»

16Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i HERRENS namn?»

17Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og HERREN sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

18Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»

19Mika sa: Så høyr då HERRENS ord! Eg såg HERREN sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

20Då spurde HERREN: «Kven vil lokka Ahab så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

21Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for HERRENS andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde HERREN.

22Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

23Så har då HERREN lagt ei løgnarånd i munnen på alle desse profetane dine. HERREN har varsla ulukke for deg.

24Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har HERRENS ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»

25Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»

26Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj

27og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»

28Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje HERREN tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»

29Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

30Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut og drog ut i krigen.

31Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til dei trettito kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot kven som helst, korkje høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»

32Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så vende dei seg mot han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt.

33Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.

34Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»

35Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men då kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna.

36Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»

37Slik døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.

38Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som HERREN hadde sagt.

39Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

40Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.

41Då Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.

42Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.

43Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i HERRENS auge.

44Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket heldt fram med å slakta og brenna røykjelse på haugane.

45Josjafat heldt fred med kongen i Israel.

46Det som elles er å seia om Josjafat, om dei storverk han gjorde og krigane han førte, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

47Resten av dei tempelprostituerte mennene, dei som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut av landet.

48Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar styrte der.

49Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.

50Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine på skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.

51Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.

52Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Ahasja, son til Ahab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.

53Ahasja gjorde det som vondt var i HERRENS auge. Han følgde den same vegen som far hans og mor hans hadde følgt, og som Jeroboam, son til Nebat, hadde følgt, han som fekk Israel til å synda.

54Han dyrka Baal og tilbad han og gjorde HERREN, Israels Gud, rasande, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.