1 Corinthians 5NO2011NN

1Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.

2Og endå er de hovmodige! De skulle heller sørgja, så den som har gjort dette, kunne bli utstøytt frå dykk.

3For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades.

4De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.

5Då skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, så ånda kan bli frelst på Herrens dag.

6De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen?

7Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.

8Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.

9I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha omgang med folk som lever i hor.

10Då meinte eg ikkje alle her i verda som lever i hor, heller ikkje dei grådige, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut av denne verda.

11Det eg meinte med det eg skreiv, var at de ikkje skal ha noko å gjera med ein som blir kalla bror, men som lever i hor, er grådig eller dyrkar avgudar, er ein spottar, drankar eller ransmann. Slike skal de heller ikkje eta i lag med.

12Kva har vel eg med å dømma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor, de skal dømma?

13Dei som står utanfor, skal Gud dømma. Så støyt den vonde ifrå dykk!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.