1 Corinthians 13NO2011NN

1Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.

3Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då har eg ingen ting vunne.

4Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.

7Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå.

9For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende.

11Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.