Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

1 Samuel 5

:
Norwegian - NO2011NN
1 Filistrane tok Guds paktkiste og førte henne frå Eben-Eser til Asjdod.
2 Dei førte paktkista inn i Dagons tempel og stilte henne opp ved sida av Dagon.
3 folket i Asjdod stod opp tidleg neste morgon, fann dei Dagon liggjande med andletet mot jorda framfor HERRENS paktkiste. Dei reiste han opp og sette han plass att.
4 Tidleg morgonen etter låg Dagon igjen med andletet mot jorda framfor HERRENS paktkiste. Hovudet og begge hendene hans var slegne av mot dørstokken. Berre kroppen var att av Dagon.
5 Difor er det slik den dag i dag at korkje Dagons prestar eller nokon annan som går inn i Dagons tempel i Asjdod, set foten dørstokken.
6 HERRENS hand låg no tungt folket i Asjdod, og han lét øydelegging koma over dei. Han slo dei med byllar, både i Asjdod og i områda ikring.
7 mennene i Asjdod såg at det gjekk slik, sa dei: «Paktkista til Israels Gud ikkje bli verande hos oss. For handa hans ligg tungt oss og vår gud Dagon.»
8 sende dei bod og samla alle hovdingane over filistarbyane hos seg og spurde dei: «Kva skal vi gjera med paktkista til Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat.» flytte dei paktkista til Gat.
9 Men dei hadde flytt henne dit, ramma HERRENS hand byen og skapte stor redsle og forvirring. Han heimsøkte folket i byen, og det braut ut byllar både små og store.
10 sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men ho kom dit, skreik innbyggjarane i byen: «Dei har flytt paktkista til Israels Gud hit for å drepa oss og alle våre.»
11 Dei sende bod og samla alle hovdingane over filistarbyane og sa: «Send paktkista til Israels Gud vekk, og lat henne koma tilbake dit ho høyrer heime, ho ikkje drep oss og folket vårt.» For det var kome dødsangst over heile byen. Guds hand låg svært tungt han.
12 Dei som ikkje døydde, vart slegne av byllar, og klageskriket frå byen steig opp mot himmelen.