Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Samuel 20

:
Norwegian - NO2011NN
1 David flykta frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din sidan han vil ta livet av meg?»
2 Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje døy! Far min gjer aldri noko, stort eller smått, utan at han lèt meg vita det. Kvifor skulle han løyna dette for meg? Slik er det ikkje.»
3 Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du ser meg med velvilje. Difor tenkjer han: Dette ikkje Jonatan vita, det ville gjera han vondt. Men sant HERREN lever, og sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.»
4 sa Jonatan til David: «Alt det du ønskjer, vil eg gjera for deg.»
5 David svara: «I morgon er det nymåne. skulle eg sitja til bords med kongen. Men lèt du meg gå, gøymer eg meg ute marka til tredje kvelden.
6 Skulle far din sakna meg, du seia: David bad meg om lov til å fara heim til Betlehem i all hast, for der held heile slekta den årlege offerfesten sin.
7 Seier han då: Det er godt, kan tenaren din vera trygg. Men fer han opp i sinne, kan du vera viss at han har sett seg føre å gjera meg noko vondt.
8 Ver god mot meg, for du har late meg gjera venskapspakt med deg for HERRENS andlet. Men har eg gjort meg skuldig i noka synd, drep meg du! Kvifor skulle du vel føra meg til far din?»
9 Jonatan svara: «Det skal aldri henda deg! Skjønar eg at far min har sett seg føre å gjera deg noko vondt, skal eg nok seia deg det.»
10 spurde David: «Kven skal varsla meg dersom far din gjev eit uforsonleg svar?»
11 Jonatan sa: «Kom, lat oss ut marka!» gjekk dei to ut marka.
12 Der sa Jonatan til David: «Ved HERREN, Israels Gud: I morgon eller i overmorgon denne tida skal eg ha funne ut kva far min har i tankane. Anten det ser bra ut for deg eller ikkje, skal eg senda bod til deg og la deg vita det.
13 HERREN la det meg ille både no og sidan dersom far min finn for godt å føra ulukke over deg utan at eg varslar deg og hjelper deg til å koma unna, du kan fara din veg i fred. HERREN vere med deg som han har vore med far min.
14 lenge eg lever, du vera god mot meg slik HERREN er det. Og når eg døyr,
15 du aldri halda opp med å vera god mot mitt hus! Når HERREN har rydda ut alle Davids fiendar frå jorda,
16 måtte namnet til Jonatan ikkje bli utrydda, men leva saman med Davids hus! HERREN ta hemn over Davids fiendar!»
17 stadfeste Jonatan endå ein gong sin eid til David, for han var glad i han; han hadde David like kjær som sitt eige liv.
18 Sidan sa Jonatan til han: «I morgon er det nymåne, og du kjem til å bli sakna når plassen din er tom.
19 Men i overmorgon skal du ned til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og halda deg nær Etsel-steinen.
20 skal eg skyta tre piler mot den eine sida av han, som om eg skaut mot eit mål,
21 og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg til guten: Pilene ligg denne sida av deg, hent dei! kan du koma fram. kan du vera trygg; sant HERREN lever, det er ingen fare.
22 Men seier eg til ungguten: Pilene ligg bortanfor deg, dra din veg! For sender HERREN deg bort.
23 Den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, den skal HERREN vera eit vitne for alltid.»
24 gøymde David seg ute marka. Nymånedagen kom, og kongen sette seg til bords og skulle eta.
25 Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg rett imot han, og Abner sat ved sida av Saul. Men plassen til David stod tom.
26 Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han noko han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.»
27 Men plassen til David stod tom også andre dagen, dagen etter nymåne, sa Saul til Jonatan, son sin: «Kvifor er ikkje Isai-sonen komen til måltidet korkje i går eller i dag?»
28 Jonatan svara: «David bad meg inntrengjande om lov til å dra til Betlehem.
29 Kjære, lat meg fara, sa han, for slekta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Om du ser meg med velvilje, lat meg fara heim og helsa slektningane mine! Difor er han ikkje komen til kongens bord.»
30 vart Saul rasande Jonatan og sa til han: «Du son til ei dårleg og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen til skam for deg sjølv og til skam for nakenskapen til mor di!
31 lenge Isai-sonen lever jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og hent han hit til meg, for han skal døy!»
32 «Kvifor skal han døy?» spurde Jonatan. «Kva gale har han gjort?»
33 Men Saul lyfte spydet og ville renna det gjennom han. skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.
34 Han reiste seg frå bordet i brennande harme og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. vondt hadde Jonatan av David, for far hans hadde audmjuka han.
35 Morgonen etter gjekk Jonatan ut marka til den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein liten gut med seg.
36 Han sa til guten: «Spring og finn pilene som eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han pila forbi han.
37 Og guten kom til staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?»
38 Og ropa han: «Skund deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til herren sin.
39 Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette gjaldt.
40 gav Jonatan våpna sine til guten som var med han, og sa til han: «Gå inn til byen med dette!»
41 guten hadde gått, kom David fram frå sørsida av steinen. Han kasta seg til jorda; tre gonger bøygde han seg. kyste dei kvarandre og gret, dei to. David storgret.
42 Og Jonatan sa til David: «Gå bort i fred! For vi to har svore kvarandre i HERRENS namn at HERREN for alltid skal vera vitne om lovnaden mellom meg og deg og mellom mi slekt og di slekt.»
43 braut David opp og gjekk sin veg, og Jonatan gjekk tilbake til byen.