Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Samuel 14

:
Norwegian - NO2011NN
1 Ein dag sa Jonatan, son åt Saul, til våpenberaren sin: «Kom, lat oss dra over til filistarforposten der borte andre sida.» Men han sa ikkje noko om det til far sin.
2 Saul låg i utkanten av Gibea, under granatapalen i Migron. Folket som var med han, talde om lag seks hundre mann.
3 Ahia bar efod-drakta. Han var son til Ahitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, HERRENS prest i Sjilo. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.
4 kvar side av det skardet der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein bratt berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.
5 Den eine av desse hamrane stig rett opp nordsida, midt imot Mikmas, den andre sørsida, midt imot Geba.
6 sa Jonatan til våpenberaren sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Kan henda hjelper HERREN oss. For ingen ting kan hindra HERREN i å gje siger, anten vi er mange eller få.»
7 Våpenberaren svara: «Gjer alt som ligg deg hjartet. berre på! Eg følgjer deg kvar du vil.»
8 sa Jonatan: «No går vi over til dei, dei får auge oss.
9 Om mennene seier: Stå stille til vi kjem bort til dykk! blir vi ståande der vi er, og går ikkje opp til dei.
10 Men seier dei: Kom opp til oss! går vi opp, for har HERREN gjeve dei i våre hender. Det skal vera teiknet vårt.»
11 filistrane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or hòlene dei gøymde seg i.»
12 Mennene forposten ropa til Jonatan og våpenberaren hans: «Kom opp til oss, skal vi seia dykk noko.» sa Jonatan til våpenberaren: «Følg meg opp, for HERREN har gjeve dei i Israels hender.»
13 kleiv Jonatan opp hender og føter, og våpenberaren følgde. Filistrane fall Jonatan slo til, og våpenberaren kom etter han og gav dei dødsstøyten.
14 I dette første åtaket frå Jonatan og våpenberaren hans felte dei om lag tjue mann ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast ein dag.
15 kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute marka. Til og med forposten og plyndrarane skalv av skrekk. Jorda riste, og ei redsle frå Gud kom over dei.
16 Frå Gibea i Benjamins landområde såg utkikkspostane til Saul at fiendehæren spreidde seg i alle retningar.
17 sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som manglar.» heldt dei mønstring, og det viste seg at Jonatan og våpenberaren hans var borte.
18 sa Saul til Ahia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var den tid hos israelittane.
19 Men medan Saul tala med presten, auka forvirringa i filistarleiren meir og meir. Saul sa til presten: «Trekk handa di tilbake!»
20 Saul og alt folket samla seg og drog dit striden stod. fekk dei sjå at filistrane hadde vendt sverda mot kvarandre. Det rådde full forvirring.
21 Dei hebrearane som til no hadde stått under filistrane, og som hadde vore med dei hærferdene deira, gjekk over til israelittane som følgde Saul og Jonatan.
22 dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraim-fjella, fekk høyra at filistrane var flukt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg.
23 Såleis gav HERREN Israel siger den dagen. Striden breidde seg forbi Bet-Aven,
24 og det røynde hardt for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna er den som tek til seg mat før det blir kveld og eg har fått hemn over fiendane mine.» Og ingen smaka noko mat.
25 Heile hæren drog inn i skogen. Der var det honning marka.
26 Det fløymde av honning i skogen, men ingen tok noko i munnen, slik age hadde folket for eiden.
27 Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, dyppa enden han i honningen og tok honningen i munnen. fekk han att glansen i auga.
28 Ein av mennene sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna er den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er utmatta.»
29 Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre slik glans auga mine fekk eg smaka litt av denne honningen.
30 Om folket i dag hadde fått eta seg mette av byttet dei har teke frå fienden, ville nederlaget til filistrane ha vore endå større.»
31 Den dagen slo dei filistrane og forfølgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men var folket heilt utmatta.
32 Dei kasta seg over byttet, tok sauer, oksar og kalvar og slakta dei marka. Dei åt kjøtet med blodet i.
33 Nokre menn fortalde det til Saul og sa: «No syndar folket mot HERREN. Dei et kjøt med blod i.» sa Saul: «De har vore trulause. Velt no hit ein stor stein!»
34 sa han: «Gå rundt til folket og sei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta dei her, og kan dei eta. Synd ikkje mot HERREN ved å eta kjøt med blod i.» Kvar og ein i hæren kom med oksen sin og slakta han der om natta.
35 Og Saul bygde eit altar for HERREN. Det var det første altaret han bygde for HERREN.
36 Sidan sa Saul: «Lat oss dra nedover og setja etter filistrane i natt og plyndra dei til det gryr av dag. Ikkje ein einaste ein av dei skal bli att.» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss først stiga fram for Gud!»
37 bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistrane? Vil du gje dei i Israels hender?» Men Gud svara han ikkje den dagen.
38 sa Saul: «Kom hit, alle leiarar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag.
39 For sant HERREN lever, han som gjev Israel siger: Om det er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.
40 sa han til heile Israel: «Still dykk den eine sida, skal eg og Jonatan, son min, stå den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»
41 sa Saul til HERREN, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.
42 sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min.» Og loddet fall Jonatan.
43 sa Saul til Jonatan: «Fortel meg kva du har gjort!» Jonatan fortalde han det: «Eg tok litt honning enden av staven som eg hadde i handa, og smaka han. Her står eg. Eg er budd å døy.»
44 Saul sa: «Måtte Gud la det meg ille både no og sidan om du ikkje døy etter dette, Jonatan.»
45 Men folket sa til Saul: «Skal Jonatan døy, han som har vunne denne store sigeren for Israel? Det aldri henda! sant HERREN lever, ikkje eit hår skal falla frå hovudet hans og ned marka! For han har hatt Gud med seg i det han har gjort i dag.» Slik berga folket Jonatan, og han slapp å døy.
46 No gav Saul opp å forfølgja filistrane meir og drog oppover att, og filistrane drog heim til sitt.
47 Saul hadde sikra seg kongsmakt over Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistrane. Og kvar han enn vende seg, vann han siger.
48 Saul gjorde storverk. Han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra dei.
49 Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer. Den eldste heitte Merab og den yngste Mikal.
50 Kona til Saul heitte Ahinoam. Ho var dotter til Ahimaas. Hærføraren hans heitte Abner. Han var son til Ner, Sauls onkel.
51 Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner av Abiel.
52 Krigen mot filistrane var hard lenge Saul levde. Kvar sterk og djerv mann Saul fekk auge på, tok han i si teneste.